mini|300px|Cicignons plan for Trondheim etter bybrannen i 1681 mini|300px|Sverre Pedersens byplan for Trondheim frå 1912 viser rutenettmønster i dei eldre bydelane og mjukare regulering i nyare område Norsk planleggingshistorie har ein politisk og ein fagleg dimensjon som grip i kvarandre. Den politiske utviklinga går frå liberalisme til sterkare politisk styring og bygging av velferdsstaten, særleg etter andre verdskrigen, og vidare til nyliberalisme frå rundt 1980. Den faglege utviklinga går frå tidleg byplanlegging til den omfattande samfunnsplanlegginga me har i dag.

Politisk og fagleg utvikling Frå det i hovudsak førindustrielle samfunnet førte teknisk utvikling, industrialisering og byvekst til store endringar og krav om større politisk ansvar for folks livsvilkår. Med arbeidarrørslas framvekst blei liberalismen avløyst av sosialdemokratiet. I løpet av krigsåra og ved Fellesprogrammet til stortingsvalet i 1945 viste dei politiske partia samla vilje til velstands– og velferdsutvikling og eit utvida syn på statens og kommunanes rolle og oppgåver.

Etter gjenreisinga var industrialisering og velferdsutvikling langsiktige strategiar i moderniseringa av landet, og planlegging blei ein viktig reiskap i politikken. Partia var i hovudsak samde, me fekk den sosialdemokratiske orden som varte fram til utpå 1970-talet. Etter det har nyliberalismen reist spørsmål som utfordrar planlegginga. I kor stor grad og korleis skal det offentlege styre i forhold til private interesser, og kva oppgåver skal det offentlege ta ansvaret for?

Den faglege utviklinga har utspring i tidleg fysisk planlegging i byar og nokre tettstader, med vekt på helse- og buforhold, kommunikasjonar og brannvern. I mellomkrigstida kom dei fyrste tilløpa til fysisk oversiktsplanlegging for å få kontroll med større område, og etter krigen voks økonomisk planlegging fram som statleg stimulator og styringsreiskap. Offiserar med teknisk kompetanse stod for den tidlege byplanlegginga, og frå rundt 1900 var arkitektar og ingeniørar dominerande. Juristar kom òg med etter kvart som regelverket blei viktigare, og seinare økonomar, geografar og andre faggrupper. Kunnskapsgrunnlag og inspirasjon blei henta gjennom samkvem med kollegaer i andre land. Etter andre verdskrigen var særleg England og Sverige forbilde for oss.

Økonomisk planlegging kan sporast tilbake til 1930-talet, og blei utvikla etter krigen som reiskap i velferds- og distriktspolitikken. Den framveksande økonomiske planlegginga og fysisk planlegging kom gradvis nærmare kvarandre, med fysisk-økonomisk oversiktsplanlegging og planleggingsplikt i alle kommunar og nokre regionar frå 1960-talet, og seinare i fylka. Økonomisk planlegging kom frå overordna nivå, mens den fysiske planlegginga hadde bakgrunn i det lokale nivået gjennom byplantradisjonen. Etter kvart omhandlar planlegging alle sider ved samfunnsutviklinga, og mange fagfolk med ulike fagbakgrunnar er med i planarbeidet.

Tidleg byplanlegging Alt Magnus Lagabøtes bylov frå 1276 hadde reglar om blant anna gatebreidder, torg og plassering av enkelte funksjonar. På 1600- og 1700-talet fekk nokre byar, for eksempel Oslo, Trondheim og Kristiansand, byplanar som fekk mykje å seie for utforminga. Cicignons plan for Trondheim etter bybrannen i 1681 er eitt eksempel. Planen fylgde eit rutenettmønster med breie gater, aksar med fondmotiv, og plassar, etter ideal frå renessansen og barokken, men dei gamle, smale veitene blei verande som ein finmaska gatestruktur.

Dei fyrste bygningslovane Med 1800-talets urbanisering og store samfunnsendringar oppstod behov for meir planmessig styring, primært ordning av byggeområde, regulering av veg- og gatenett, branntrygging og betring av helseforholda. Dei største byane fekk fyrst eigne bygningslovar: Oslo i 1818, 1827 og 1842, Bergen i 1830 og Trondheim i 1841. Dei andre fekk «Lov angaaende Bygningsvæsenet» i 1845, ein etter den tid omfattande lov for organisering av bygningsvesenet og reglar for plan- og bygningsutforming. Kvar by skulle ha ein bygningskommisjon og reguleringskommisjon som skulle lage byplan.

I tråd med internasjonale byplanideal var rettvinkla rutenettmønster med like store kvartal og like breie gater lovfesta. Me har mange eksempel på slike planar. Etter lovendring i 1869 kunne delar av ein heradskommune underleggast bygningsloven. Byvekst og mange brannar på slutten av 1800-talet førte til ein ny og meir omfattande lov i 1896. Det skulle lagast byplan for byen og eventuelt eit belte på 200 meter utanfor bygrensa. Loven gav påbod om branngavlar i mur. Etter bybrannen i Ålesund i 1904 blei det innført murtvang i alle byar. Rundt 1900 kom ønske om meir arkitektoniske og estetiske omsyn. Rutenettkravet blei mindre strengt, og fall seinare bort.

Hageby, nabolag og bustadsak mini|venstre|Ebenezer Howard viste i boka «Garden Cities of Tomorrow» skjematisk korleis han tenkte samspelet mellom by og landmini|300px|Howard viste òg korleis bystrukturen skulle byggast opp omkring ein naboskapstanke

Ebenezer Howard presenterte sitt hagebyprinsipp fyrste gong i boka To-morrow: A Peaceful Path to Real Reform i 1898. I 1902 blei ho trykt på ny, med tittelen Garden Cities of To-Morrow. Boka gav støyten til hagebyrørsla, «the garden city movement». I hagebyprinsippet ligg kimen til fleire sider ved planlegginga, som blei utvikla vidare. For det eine var hagebytanken eit viktig grunnlag for betring av buforholda. For det andre ligg eit regionalt perspektiv til grunn, ved at dei nye byane var delar av større urbaniserte system i næringsmessig samvirke med landbruket, med eit hierarkisk prinsipp om samspel mellom senter på ulike nivå. For det tredje bar sonedelinga mellom ulike funksjonar, vekt på grønt og effektiv transport, bod om funksjonalismen. For det fjerde finn ein spor av nabolagstanken. Nabolaget skulle byggast opp omkring skolekretsen, med daglegvarehandel, rekreasjonsareal etc. I Noreg blei det ikkje bygd eigentlege hagebyar, men bustadområde som bygde på hagebytanken, for eksempel Ullevål hageby i Oslo. Ideane har hatt mykje å seie heilt opp til vår tid, også i Noreg.

Det bustadpolitiske arbeidet i Noreg blei organisert med danninga av Norsk Forening for Boligreformer i 1913, og la grunnlag for kommunal satsing og seinare statleg bustadpolitikk med blant anna Den Norske Stats Husbank. Norsk byplan-forbund blei danna i 1919. Dei to foreiningane gjekk i 1963 saman til Norsk forening for bustad- og byplanlegging – nå Norsk Bolig- og Byplanforening.

Ny bygningslov i 1924 Grunngjevinga for ny lov fanga opp trekk i tida, blant anna byggeteknisk og økonomisk utvikling, endring i arkitektursyn, og større interesse for bustadspørsmålet. «Lov om bygningsvesenet» blei vedteken 22. februar 1924, og sett i kraft i 1929. Loven galdt alle byane inklusive eit belte på 200 meter inn i nabokommunen. Etter kvart fekk mange landkommunar behov for å regulere bygginga i tettstadene, og innførte loven.

Loven stilte få konkrete krav til planutforming, samtidig som han la opp til meir omfattande planlegging enn den gate- og kvartalsreguleringa som hadde vore. Kravet om rutenett fall heilt bort. Det blei lagt vekt på bustadar, arkitektur og estetikk og omsyn til terrenget. Det var krav om rekreasjonsareal og offentlege rom. Loven formaliserte ikkje noko system for reguleringsformål, men hadde tilløp til sonedeling, slik planlegginga kom til å utvikle seg under funksjonalistiske impulsar i åra framover.

Bygningsråd, der halvparten av medlemmene skulle velgast av bystyret, innebar at planlegging og bygging i større grad blei eit politisk ansvar. Sjølv om loven kom til i ei tid med rask profesjonsutvikling og endring i fagsyn, og store politiske endringar, kom loven til å gjelde i nesten 40 år, til han blei avløyst av bygningsloven av 1965.

Funksjonalisme på norsk Funksjonalismen kan knytast til det moderne industrisamfunnet. Nye materialar, konstruksjonar og produksjonsmåtar gav grunnlag for ny arkitektur. Urbanisering, utviklingsoptimisme, endring i livsstil og haldningar gav impulsar til endringar i planlegginga. Kimar til funksjonalismen låg i målet om sunne buforhold med lys, luft og grøne omgjevnader, og i frigjeringa frå strenge planprinsipp. Nye estetiske ideal med oppløyste byrom og frittståande bygningar avløyste symmetri, aksedragingar og monumentalitet. Sonedelinga leier opp mot dei funksjonalistiske prinsippa med hovudfunksjonane bustad, arbeid, rekreasjon og transport. Auka politisering av planlegginga og ein sosial profil på 1930-talet gjorde at bustadområde blei det viktigaste i planane. Sjølv om påverkinga var sterk, fekk me aldri heilt reindyrka funksjonalistiske område i Noreg, men ein moderert versjon med sonedeling, påverking av hagebytanken og eit nasjonalt tilpassa formuttrykk.

Førebuing til gjenreising – Brente steders regulering mini|left|BSRs plan for Steinkjer. 1943 mini|BSRs perspektivteikning over det planlagde nye senteret i Steinkjer fortel om omtanke for form, og viser vektlegginga av aksar og fondmotivOrganisasjonen Brente steders regulering (BSR), som blei etablert sommaren 1940 under leiing av professor Sverre Pedersen for å utarbeide planar for dei 27 byane og stadene som var øydelagde tidleg i krigen, var det fyrste planapparatet i statleg regi. Pedersen hadde tidlegare utarbeidd planar for fleire av dei stadene som blei øydelagde i 1940, og hadde godt grunnlag for å utforme dei nye planane. Planutforminga viste ikkje utprega funksjonalistiske trekk, men fylgde nyklassisistiske ideal med kvartal, aksar og terrengtilpassing.

Oversiktsplanlegging i emning mini|300px|Sverre Pedersens skisse til hageforstader og forstadsbanar i Trondheim og Strinda 1918. Dei fyrste tilløpa til oversiktsplanlegging hadde grunnlag i små arealreservar i byane og bygging i nabokommunane. Eitt tidleg eksempel er Sverre Pedersens skisse frå 1918 til byutvikling med hageforstader og forstadsbane i Trondheim og Strinda.

Eit anna eksempel er Harald Hals’ planforslag for Oslo og nabokommunar i 1929. Planen blei omarbeidd som ein generalplan for Oslo, Aker og Bærum i 1934, og etter samanslåinga av Oslo og Aker i 1948 blei det utarbeidd generalplan bygd på desse planane. Erik Rolfsen lanserte idear om sosiale fellesskap i «nye bysamfunn» ut frå ideane om hageby og naboskap og påverking frå funksjonalismen.

Med utgangspunkt i bustadar og nabolag omkring skolekretsar fylgde planen eit hierarkisk prinsipp med delvis sjølvstendige bydelar med nærsenter, bydelssenter og arbeidsplassar omkring hovudsenteret. Byen skulle bindast saman med eit effektivt transportsystem. Ein bydel skulle ha 30 – 40 000 innbyggarar. Prinsippa blei ikkje gjennomførte fullt ut, men drabantbyar blei planlagde og bygde ut frå grunnideane, fyrst Lambertseter.

Også andre byar starta oversiktsplanarbeid i samarbeid med nabokommunar. Dette utvikla haldningar, kunnskapar og erfaringar som var verdifulle for det generalplanarbeidet som kom i gang seinare. Inspirasjon og kunnskap om oversiktsplanlegging blei særleg henta frå England og Sverige, som begge hadde fått planleggingslovar i 1947.

mini|Lambertseter blei bygd etter hageby- og naboskaps-prinsippa.mini|left|Lambertseter var det fyrste store drabantbyområdet etter samanslåinga av Oslo og Aker. Etter krigen blei Brente steders regulering omorganisert med oppgåve å planlegge for gjenreising i Finnmark og Nord-Troms. Dette var den fyrste utprøvinga av regional planlegging med analysar av fysiske, næringsmessige, økonomiske og befolkningsmessige forhold, og var ei utviding frå rein fysisk planlegging til eit regionalt og nasjonalt perspektiv og oppbygging av nasjonal økonomisk planlegging. Ut frå tankar om modernisering og effektivisering av landsdelen blei det i fleire tilfelle foreslått gjenreising på andre stader enn der busetnaden hadde vore før. Dette møtte lokal motstand og planane måtte endrast i tråd med folkeviljen.

Framveksten av økonomisk planlegging