Images er det tredje albumet av den amerikanske popgruppa The Walker Brothers. Det kom ut i 1967 og nådde sjetteplassen på albumlista i Storbritannia. Det var det siste albumet trioen spelte inn i 1960-åra. Dei neste albumet kom først i 1975 med No Regrets.

Akkompagnementet for gruppa vart dirigert av Reg Guest og produsert av John Franz. Albumet fekk god til middels kritikk då det kom ut i både mono og stereo i mars 1967. Albumet vart sidan gjeven ut på CD og vart nymastra og utvida med bonusspor i 1998.

Mottaking

Images fekk god til middels kritikk. Richie Unterberger for Allmusic kalla albumet «like ujamnt som dei to første. Gripande pop/rock-balladar og operatiske vokalreiskap vart ispedd heilt upassande livleg blue-eyed soul (alltid eit svakt punkt for gruppa) og rockecoverar». Unterberger meiner Scott Walker sine bidrag «syner ein vekst som varslar om dei meir ambisiøse aspekta i dei tidlege soloalbuma hans». Han skildrar òg John Walker sin «I Can't Let It Happen to You» som «ein av dei beste songane til The Walker Brothers og utan tvil det beste John Walker nokon gong medverka med til platene deira».

Innhald

Medverkande Gary Walker - trommer og vokal John Walker - gitar og vokal Scott Walker - vokal, gitar og klaverinstrument Reg Guest - akkompagnement

Lister Liste PlasseringUK Album Chart 6Tyskland 23

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Images (The Walker Brothers album)» frå , den 30. september 2013. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1967 Kategori:The Walker Brothers-album Kategori:Engelskspråklege album Kategori:Philips Records-album Kategori:Musikkalbum produserte av Johnny Franz