Regjeringa Abraham Berge tiltredde 30. mai 1923 etter at statsminister Otto B. Halvorsen døydde i embetet. Som den avgåtte regjeringa, var også denne ei samarbeidsregjering mellom Høgre og Frisindede Venstre.

Statsrådpost Statsråd Periode PartiStatsminister og sjef for FinansdepartementetAbraham BergeFrVUtanriksministerChristian Fredrik MicheletHJustisdepartementetChristian L. RolfsenHLandbruksdepartementetAnders VengerHKyrkjedepartementetIvar B. Sælentil 23. november 1923HKarl Sannefrå 23. november 1923HForsvarsdepartementetKarl WefringFrVSosialdepartementetOdd S. KlingenbergHHandelsdepartementetJohan Rye HolmboeFrVArbeidsdepartementetCornelius MiddelthonH

Riksrett mot statsminister Berge si regjering Abraham Berge og seks av statsrådane, blant desse Venger, vart i 1926 stilt for riksrett. Regjeringa Berge hadde i 1923 løyvd pengar for å støtte Den norske Handelsbank, utan å informere Stortinget.

Den 14. juli 1926 trefte Odelstinget følgande vedtak:

«Det skal reisast riksrettssøksmål mot statsminister h. v. Abraham Berge og statsrådene O. Klingenberg, C.F. Michelet, C. Middelthon, J. Rye Holmboe, A. Venger og K.W. Wefring for at dei

1. ved ei ordning, som dei fekk til eller var med på i tidi 25.-31. mai 1923, let A/S Den norske handelsbank få eit innskot stort 25 millionar krunor i statsvekslar, og at dei ved dette gjekk fram på ein måte, som ikkje er samhøveleg med riksskipnaden; 2. i statsråd hjå Kongen den 19. januar 1924 ikkje kom fram med upplysning um innskotet på 25 millionar krunor i A/S Den norske handelsbank og let Kongen vedtaka ei misvisande uppgave til Stortinget yver dei innskot staten hadde i innanlandske banker; 3. den gongen dei ved fyrehavingane i Stortinget 7. og 8. april 1924 fekk vedteke framlegget um statsgaranti for A/S Den norske handelsbank for upp til 15 millionar krunor, dulde for Stortinget, at banken tidlegare hadde fenge statsstudnad på 25 millionar krunor, som då framleis var ståande i banken.»

Berge og statsrådane vart 25. mars 1927 likevel frikjende (under dissens) ut frå at dei hadde handla i beste meining.

Domsslutninga vart: «De anklagede, tidligere statsminister Abraham Berge og de tidligere statsråder Odd Klingenberg, Christian Fredrik Michelet, Cornelius Middelthon, Johan Rye Holmboe, Anders Venger og Karl Wefring, bør for Odelstingets tiltale i saken fri at være.»

Kjelder Riksrettstidende 1926-27 Frå Riksrettens praksis , bakgrunnen for og utdrag frå dei åtte riksrettssakene Denne artikkelen bygger på «Abraham Berges regjering» frå , den 1. oktober 2013.revisjon

Berge