mini|Thetis, Akhillevs og kentauren Chiron, 1770

Pompeo Girolamo Batoni () var ein italiensk målar, fødd i Lucca. Han er mest kjend for sine portrett av framståande personar i Roma og dåtidas Europa.

Liv og gjerning Batoni kom i lære i Roma hos manierist-målarar; men vel så sterke impulsar tok han frå antikken og frå Rafael. Hans noggrant gjennomførte, akademisk-kjølige arbeid, med ei glatt overflate og ein heller rein stil, vart møtt med åtgaum. Evna hans til å måle den yndefulle, men ganske tome prakt fall godt saman med tidas smak. Typisk nok er Den botferdige Magdalena av dei mest populære verka hans.

Batoni fekk talrike oppdrag på altarbilete til italienske kyrkjer. Utanlandske fyrstar, som kongane av Polen og Preussen, dronninga av Portugal, med fleire, heidra han med bestillingar, særleg av mytologiske emne eller portrett. Han måla såleis eit portrettbilete av, og til, keisar Josef II og av storhertug Leopold, noko som gav han ein adelstittel. Dessutan portretterte han pavane Benedikt XIV, Klemens XIII og Pius VI, kurfyrst Karl Theodor og mange fleire maktmenneske. Andre kjende verk er Thetis, Akhillevs og kentauren Chiron, Scipios sjølvtukt, Ein heilag familie, samt den store altartavla Jesu hjarte, tilbedd av dei fire verdsdelane frå 1780.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Pompeo Batoni» frå , den 3. oktober 2013.

Kategori:Italienske målarar