Håkon Olai Kyllingmark () var ein norsk offiser, forretningsmann og politikar for Høgre. Han var stortingsrepresentant frå 1953 til -1981 og hadde to ulike statsrådposter; forsvarsminister i 1963 og samferdsleminister 1965-71. I si tid som samferdsleminister var han sentral i arbeidet med å bygge flyplassar på kysten av Vestlandet og i Nord-Noreg.

Liv og gjerning Kyllingmark vart fødd i Honningsvåg. Etter utdanning på befalskurs livnærde han seg som handelsagent i åra før 2. verdskrigen, busett i Svolvær. Han deltok så som soldat under krigen i Nord-Noreg våren 1940, heilt til det norske Forsvaret kapitulerte i juni 1940. Under okkupasjonen av Noreg deltok han i illegalt motstandsarbeid, og flykta i 1943 til Sverige.

I 1945 tok Kyllingmark oppatt sitt yrke som agent. Han engasjerte seg i lokalpolitikken, vart same året vald inn i Svolvær bystyre på ei borgarleg fellesliste. Seinare melde han seg inn i partiet Høgre og vart hausten 1953 vald inn på Stortinget for Nordland Høgre. Sidan vart han attvald seks gongar og var såleis stortingsrepresentant i 28 år.

Kyllingmark vart fyrst og fremst ein samferdsle-politikar. Bortsett frå eit par år i sjøfarts- og fiskerikomiteen var han gjennom heile si tid på Stortinget medlem av samferdslekomiteen. Hausten 1965 vart han samferdsleminister i den nydanna Borten-regjeringa, ein post han hadde heilt til regjeringa gjekk av i mars 1971. Gjnnom desse åra leia han utbygginga av det såkalla kortbanenettet, eit prosjekt som kom til å revolusjonere norsk luftfart. Særleg viktig var kortbane-flyplassane for flytrafikken i Nord-Noreg og på Vestlandet.

Allereie i 1958 vart Kyllingmark vald til 2. viseformann i Høgre, ein posisjon han hadde heilt fram til 1970. Deretter var han i mange år medlem av sentralstyret i partiet. I perioden 1973–81 var han nestformann i Høgre si stortingsgruppe. Hausten 1963 var Kyllingmark forsvarsminister i den kortvarige Lyng-regjeringa.

Kyllingmark budde i sitt vaksne liv i Vågan kommune, der han også døydde.

Utmerkingar Kyllingmark fekk ei rad utmerkingar for krigsinnsatsa si, mellom anna St. Olavsmedaljen med eikegrein og Deltakarmedaljen med rosett. Han fekk den amerikanske Fridomsmedaljen, Croix de Guerre frå Frankrike og King's Commendation for Brave Conduct frå Storbritannia.

Kjelder

Kategori:Norske forsvarsministrar Kategori:Norske samferdsleministrar Kategori:Høgrestatsrådar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Lyng Kategori:Statsrådar i Regjeringa Borten Kategori:Stortingsrepresentantar 1954-1957 Kategori:Stortingsrepresentantar 1958-1961 Kategori:Stortingsrepresentantar 1961-1965 Kategori:Stortingsrepresentantar 1965-1969 Kategori:Stortingsrepresentantar 1969-1973 Kategori:Stortingsrepresentantar 1973-1977 Kategori:Stortingsrepresentantar 1977-1981 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar for Nordland Kategori:Lokalpolitikarar i Svolvær Kategori:Høgrepolitikarar i Nordland Kategori:Norske militære under andre verdskrigen Kategori:Medlemmar og varamedlemmar i Nobelkomiteen Kategori:St. Olavs Orden Kategori:St. Olavsmedaljen med eikegrein Kategori:Deltakarmedaljen Kategori:Fridomsmedaljen Kategori:Croix de Guerre Kategori:King's Commendation for Brave Conduct Kategori:Norske offiserar Kategori:Folk frå Vågan Kategori:Folk frå Nordkapp