Nes og Hidra kommune (Hitterø og Næs formanskabsdistrikt) var ein kommune i Vest-Agder fylke (då Lister og Mandal Amt), oppretta i 1837 og avvikla i 1893.
mini|venstre|Utsyn nordover frå Andabeløy
Området utgjer no ytre delane av dagens Flekkefjord kommune, det vil seie kyrkjesokna Hidra og Flekkefjord (då Nes sokn), unnateke Flekkefjord by, som var eige formannskapsdistrikt. Kyrkjesoknet Nes hadde namn etter garden Nes, som har vore kyrkjestad for området sidan mellomalderen. Det var på Nes ladestaden, kjøpstaden og byen Flekkefjord etter kvart voks fram, og då formannskapsdistrikta vart oppretta i 1837 hamna området som før var garden Nes og Nes kyrkje (sidan Flekkefjord kyrkje) i Flekkefjord formannskapsdistrikt, medan resten av Nes sokn vart lagt til Nes og Hidra formannskapsdistrikt.
Kommunesoge Kommunen vart oppretta ved innføringa av formannskapslovene i 1837. Fyrste formannskapsmøtet vart halde 8. januar 1838 på garden Sunde i Nes. 8. oktober 1893 vart kommunen nedlagt og området delt i to delar; Nes kommune og Hidra kommune. Ved delinga budde det 2075 personar i Hidra og 1704 i Nes.
Referansar
Bakgrunnsstoff Nes og Hidra kommune. Møtebok for formannskap og kommunestyre (1838-1851) - Skanna møteprotokoll Nes og Hidra kommune. Møtebok for formannskap og kommunestyre (1852-1861) - Skanna møteprotokoll Nes og Hidra kommune. Møtebok for formannskap og kommunestyre (1861-1870) - Skanna møteprotokoll
Kategori:Historie i Flekkefjord Kategori:Tidlegare kommunar i Vest-Agder Kategori:Norske kommunar skipa i 1838 Kategori:Norske kommunar nedlagde i 1893