mini|Hidra sett frå Lista Hidra kommune (Hitterø herred) var ein kommune i Vest-Agder fylke, oppretta i 1893 og avvikla i 1964. Området er no sørvestre delen av Flekkefjord kommune.

I tillegg til sjølve Hidra femnde kommunen 55 mindre øyer og fastlandet innom nord- og vestover til Sira-dalen og austover til Stolsfjorden. Samla flatevidd var 89,64 km², med 66,81 km² på fastlandet. Kommunen grensa til Sokndal, Lund, Nes og Vanse kommunar. Av tettbygde stader i kommunen var Kirkehamn og Rasvåg på Hidra og Åna-Sira (austre luten, den vestre ligg i Sokndal kommune i Rogaland) og Abelnes på fastlandet.

Kommunen hadde same utstrekkinga som Hidra sokn i Den norske kyrkja hadde då. Det meste av området på fastlandet er sidan overført til Flekkefjord sokn.

Kommunesoge Kommunen vart oppretta 8. oktober 1893 ved at Nes og Hidra kommune vart delt i to, og Nes og Hidra vart eigne kommunar. Ved skipinga budde det 2075 personar i Hidra kommune. 1. januar 1965 vart Hidra, Nes, Flekkefjord by, Gyland og Bakke (minus Øksendal) slått saman til ein kommune som fekk namnet Flekkefjord kommune. Ved samanslåinga budde det 1277 personar i Hidra.

Referansar

Bakgrunnsstoff Hidra kommune. Møtebok for formannskap og kommunestyre (1888-1906) - Skanna møteprotokoll Hidra kommune. Møtebok for formannskap og kommunestyre (1906-1921) - Skanna møteprotokoll SSB: Folketellingen 1. november 1960 : tellingsresultater : tilbakegående tall : prognoser : : 1042 Hidra

Kategori:Historie i Flekkefjord Kategori:Tidlegare kommunar i Vest-Agder Kategori:Skipingar i 1893 Kategori:Nedleggingar i 1964