Grefsen kyrkje er ei langkyrkje i Oslo kommune som vart innvigd rett før krigen, den 3. mars 1940. Den funkisprega kyrkja er oppført i teglstein som er slemma og kalkmalt utvendig.
mini|venstre|Innvendig sett mot altaret i Grefsen kyrkje
Mykje av interiøret stammar frå tida då kyrkja blei oppført. Mellom våpenhuset og kyrkjerommet er det ein glasveg med stjerneforma glasmåleri. Dei er utforma av Bernhard Greve og viser scener frå Det gamle testamentet. I 1967-68 blei koret noko endra av arkitekt Rolf Tønsager, og ein fekk ny preikestol og altar. Det blei også sett inn eit abstrakt glasmåleri av Oddmund Kristiansen i dalleglas og betong.
Kyrkjegarden på naboeigedomen vart teken i bruk før kyrkja vart oppført. Dette er ein av dei største kyrkjegardane i Oslo, og det står eit gravkapell frå 1904, teikna av Harald Bødtker, heilt i vest. 64 tyske krigsgraver vart flytta herfrå til Alfaset gravlund i 1953.
Kjelder
Kyrkjesøk – Grefsen kyrkje
Bakgrunnsstoff Grefsen kyrkjelyd Kyrkjesøk – Grefsen kyrkje Gravferdsetaten i Oslo kommune om Grefsen kyrkjegard (sjå òg PDF-kart Lokalhistoriewiki om Grefsen kyrkjegard
Litteratur
Kategori:Kyrkjer i Oslo Kategori:Kyrkjer i Vestre Aker prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1940 Kategori:Kulturminne i Oslo