Kårstein Eidem Løvaas () er ein norsk journalist og politikar frå Sandar i Sør-Odal, busett på Teie i Nøtterøy. Han er sidan oktober 2013 stortingsrepresentant for partiet Høgre frå Vestfold.
Løvaas er utdanna ved befalsskule, og har studert sosialøkonomi ved Lunds universitet i Sverige. Frå 1994 til 2013 var han journalist og programleiar i radiostasjonen P4.
På 1980-talet var Løvaas politisk aktiv i Unge Høgre. Han medlem av Nøtterøy kommunestyre i perioden 2007-11, der han var leiar av hovudutvalet for oppvekst og kultur. Ved stortingsvalet i 2013 vart han innvald på Stortinget som fylkespartiet sin andrekandidat. Han var medlem av Familie- og kulturkomiteen.
Kjelder
Fotnotar
Kategori:Stortingsrepresentantar for Vestfold Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar 2013-2017 Kategori:Stortingsrepresentantar 2017-2021 Kategori:Folk frå Sør-Odal Kategori:Folk frå Nøtterøy