mini|Freske på eit romersk alter for Fortuna, avbilda med ror og overflodshorn (Arkeologisk museum i Milano).
Fortuna er gudinne for lykke i romersk mytologi, og frå renessansen brukt som allegorisk og grafisk figur som symboliserer hell, lykke, handel og sjøfart.
Den antikke framstillinga av Fortuna er ei kvinne kledt i lange gevantar som held eit overflodshorn, ein ball eller Rota Fortunae (lykkjehjul) eller eit gubernaculum (ror eller styreåre). Den allegoriske figuren frå renessansen er gjerne ein naken kvinnefigur med den eine foten på ei kule og med eit langt, smalt skipssegl slynga over hovudet. Kule kan nokre gonger ha ei lita vengje på kvar side. Skulpturar med slike framstillingar av Fortuna finst som sjøfartssymbol i Amsterdam, Budapest og Venezia. Slike framstillingar finst også i norske og utanlandske segl og våpenskjold.
Kult Far til Fortuna blei sagt å vera Jupiter. Som Annonaria verna ho korntilgangen. 11. juni var vigd henne, og 24. juni blei kultfestivalen hennar Fors Fortuna markert.Samuel Ball Platner and Thomas Ashby, A Topographical Dictionary of Ancient Rome,; (London: Oxford University Press) 1929: on-line text.Ovid, Fasti VI. 773‑786.
Det er funne ein amulett frå Menanderhuset i Pompeii, frå det tidlege keisardømet, som knyter Fortuna til den egyptiske gudinna Isis, som Isis-Fortuna.Allison, P., 2006, The Insula of Menander at Pompeii: Vol.III, The Finds; A Contextual Study, Oxford: Clarendon Press Ho er funksjonelt knytt til guden Bonus Eventus,Greene, E.M., "The Intaglios", in Birley, A. and Blake, J., 2005, Vindolanda: The Excavations of 2003-2004, Bardon Mill: Vindolanda Trust, pp187-193 som ofte er representert som motparten henne. Begge opptrer på amulettar og intaglio-graverte smykkesteinar frå heile den romerske verda. Det er funne spor etter dyrking av Fortuna så langd nord som Castlecary i Skottland og eit altar og statue til henne er no stilt ut ved Hunterian Museum i Glasgow. I den tidlege republikanske tida, ifølgje Coriolanus, vigde Det romerske sentatet kring 488 f.Kr. eit tempel til Fortuna som takk for å verna byen mot øydelegging.Titus Livius, Ab urbe condita, 2:40
Galleri
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Fortuna» frå , den 22. oktober 2013.
Delar av denne artikkelen bygger på «Fortuna» frå , den 31. oktober 2023.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Romerske gudar Kategori:Lukke Kategori:Renessansen Kategori:Personifikasjonar