1817 (romartal MDCCCXVII) var eit normalår som byrja på ein onsdag i den gregorianske kalenderen.
Hendingar
Utlandet 4. mars: James Monroe vart sett inn som president i USA Oktober: Grava KV16 til Ramses I i austre del av Kongedalen vart oppdaga og graven ut av Giovanni Belzoni
Noreg Den første doktorgraden vart avlagd ved Universitetet i Oslo.
Fødde mini|Marcus Thrane vart fødd 14. oktober i Christiania
19. februar: Vilhelm III av Nederland, konge 22. februar: Niels W. Gade, dansk komponist 15. april: Nils Vogt, norsk embetsmann og politikar 7. juli: Christen Andreas Fonnesbech, dansk jurist og statsminister 12. juli: Henry David Thoreau, USA-amerikansk forfattar 20. juli: Johan Henrik Nebelong, dansk arkitekt 8. august: Eilert Sundt, første sosiolog i Noreg 14. september: Theodor Storm, tysk forfattar 14. oktober: Marcus Thrane, norsk fagforeiningsleiar 12. november: Bahá'í-truas grunnleggjar, Mirza Husayn-Ali, meir kjend under namnet Bahá'u'lláh, i Teheran i Persia (noverande Iran). 30. november: Theodor Mommsen, tysk historikar 8. desember: Christian Emil Krag-Juel-Vind-Frijs, dansk godseigar og statsminister
Døde
28. januar: F.L.Æ. Kunzen, dansk komponist 11. februar: Maria Walewska, polsk-fransk grevinne 12. april: Charles Messier, fransk astronom 14. april: Sivert Aarflot, norsk lærar, gardbrukar, lensmann, boktrykkar og bladutgjevar 14. juli: Germaine de Staël, fransk forfattar 28. juli: Jane Austen, britisk forfattar 7. desember: William Bligh, britisk sjøoffiser