mini|Gåande hamster sett frå undersida. mini|Gåande yngre kvinne og eldre mann. Gang eller gonge er det å gå med føter på bakken, det vil seia å ta seg fram noko saktare enn om ein spring. Ein skil mellom å gå på to føter (bipedalisme), der ein vekslar med å leggja vekta på kvar fot medan ein går, og fire (kvadrupedalisme), der det finst ulike gangartar eller måtar å flytta føtene på.

Gonge er ein utbreidd måte å koma seg fram på blant pattedyr, ein del insekt, fuglar og krypdyr. Menneske går som regel mesteparten av livet. Småbarn lærer å gå til ulik tid, men ei typisk tid er når dei er rundt 11 månader gamle. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia. Gonge kan vera ein nyttig framkomstmåte, ein fritidssyssel eller ein idrett, som turmarsj eller kappgang.

Farten på menneskegonge kan variera mykje ut frå ei rekkje faktorar, som alder, høgd, terreng, bør og form, men ein typisk gjennomsnittsfart er rundt 5,0 km/t. Særskilde studiar har funne fartar på mellom 4,51 km/t til 4,75 km/t for eldre individ og 5,32-5,43 km/t for yngre individ.; Oppgjeve av Engelsk Wikipedia. Rask gonge kan vera opptil rundt 6,5 km/t, Oppgjeve av Engelsk Wikipedia. medan elitekappgjengarar kan nå over 14 km/t i distansar på rundt 20 km.

Sjå òg Fortau Gangsti Sti Tur Fottur

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Walking» frå , den 30. oktober 2013.

Kategori:Biologi Kategori:Rørsle Kategori:Underekstremiteten Kategori:Samferdsle