Kampen kyrkje er ei langkyrkje frå 1882 på Kampen i Oslo kommune, vigsla 29. november 1882. Kyrkja er ei utprega nygotisk kyrkje oppført i upussa teglstein, teikna av Jacob Wilhelm Nordan. Det er 550 plassar i kyrkja.

Altartavla i kyrkja er frå 1884. Axel Ender har måla biletet i altartavla, som viser kvinnene ved Jesu tomme grav påskemorgon, eit motiv Ender har brukt ei rekkje gonger, mellom anna i Molde domkyrkje. Dei fire evangeliesymbola, utført av Enevold Thømt i 1913, er å sjå over fire av dei indre dørene i kyrkja. I åra 1989–1994 vart vindauga i kyrkja utsmykka med tolv store og seks små glasmåleri og to rosettar over inngangsdørene, utført av Peer Lorentz Dahl (1915-2005). Han har òg teikna kyrkjas antependium, preikestolklede, messehaklar i kyrkjeårets farger, og har måla serien med målarstykke som heng på søylene i kyrkja, og som til saman dannar krossvegen, Jesu lidingsveg på langfredagen. Serien skildrar dei fjorten stasjonane (dei særskilde hendingane) på Jesu veg frå staden der Pilatus seier dødsdomen over han til han vert lagt i grava, og skal lesast i rekkjefølgje frå målarstykket i nærleiken av preikestolen, ned mot inngangsdøra og opp att på andre sida av midtgangen. Motivet på altartavla syner konklusjonen: Jesus sigrar over døden, og med han sigrar dei truande òg over døden og får evig liv. Målarstykka er frå 1999, innvigd i fastetida i 2000.

I våpenhuset står ein madonnaskulptur (skulptur av jomfru Maria med barnet) i marmor frå 1992, laga av skulptøren Knut SteenBilete av skulpturen på internettsidene: Knut Steen

Det er ikkje gravplass ved kyrkja.

Fotnotar

Litteratur

Bakgrunnsstoff Kampen kyrkje Om Kampen kyrkje Kyrkjesøk Artemisia.no

Kategori:Kyrkjer i Oslo Kategori:Kulturminne i Oslo Kategori:Kyrkjer i Oslo Domprosti Kategori:Langkyrkjer i Oslo bispedømme Kategori:Norske kyrkjer frå 1880-åra Kategori:Jacob Wilhelm Nordan