William Conyers Herring () var ein amerikansk fysikar.

Han arbeidde ved Columbia University frå 1941 til 1945 og var professor i bruksmatematikk ved University of Texas i 1946. Frå 1946 til 1978 tilknytt Bell Telephone Laboratories og frå 1978 professor ved Stanford University.

Herring er kjent for ei rekkje teoretiske arbeid innan faststoff-fysikk, spesielt innan halvleiarfysikken, mellom anna for studiet av korleis konduktansen i krystall er avhengig av retning, av termoelektrisitet og av elastiske bølgjer og energien som blir transportert av desse.

Kjelder

Kategori:USA-amerikanske fysikarar Kategori:Fysikarar på 1900-talet Kategori:Elevar ved Princeton University Kategori:Wolfprisen i fysikk Kategori:National Academy of Sciences Kategori:Forskarar ved Bell Labs