Homi Jehangir Bhabha () var ein indisk fysikar.

Han studerte i København og Cambridge og var professor i teoretisk fysikk og direktør for Tata Institute of Fundamental Research i Bombay (no Mumbai) frå 1945, formann i atomenergikommisjon i India frå 1947 og president for den første atomkonferansen i SN i Genève i 1955. Bhabha er særskild kjent for arbeid med kosmisk stråling og elementærpartiklar.

Han omkom då eit fly frå Air India styrta nær Mont Blanc den 24. januar 1966. Det har vorte spekulert i om dette var eit attentat for å få stoppa det indiske kjernevåpenprogrammet.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Homi J. Bhabha» frå , den 5. november 2013. oppgav desse kjeldene: Homi Jehangir Bhabha. (2009, 14. februar). I Store norske leksikon. Henta 4. november 2013 frå http://snl.no/Homi_jehangir_bhabha.

Kategori:Indiske fysikarar Kategori:Indiske kjernefysikarar Kategori:Medlemmar av Royal Society Kategori:Medlemmar av American Academy of Arts and Sciences Kategori:Fysikarar på 1900-talet