Fargetemperatur er eit omgrep som blir brukt for å skildre synleg lys. SI-eininga er kelvin (K). Fargetemperaturen til ei lyskjelde er definert som den temperaturen den absolutt svarte lekamen må ha for å ha same kulør som lyskjelda. Fargetemperatur har samanheng med Plancks strålingslov og Wiens forskyvingslov.
Ulike fargetemperaturar mini|Ulike fargetemperaturer. Nokre døme på fargetemperaturar: 2000 K: Stearinlys 2700–3300 K: Glødelampe 2700–7000 K: Lysrøyr 3000 K: Halogenlampe 5500 K: Blits 5500–6000 K: Vanleg sollys 6500 K: Overskya himmel
Ofte blir fargar skildra som varme eller kalde. Varme fargar er då ofte i området 2700–3000 K medan dei kalde er i området 5000 K og høgare.
Metoden blir særleg brukt til å finne overflatetemperaturen for stjerner.
Sjå òg Lysdiode
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Fargetemperatur» frå , den 7. november 2013. oppgav desse kjeldene:
Temperatur Kategori:Temperatur