Otto von Guericke () var ein tysk fysikar.
Han var frå 1627 rådsherre og 1646–1681 borgarmeister i Magdeburg. Guericke konstruerte den første luftpumpa, som han i 1654 demonstrerte for riksdagen i Regensburg med sine magdeburgske halvkuler. Guericke laga òg eit vassbarometer, som han meinte å kunne føresjå uvêr med, og han konstruerte den første elektrisermaskina. Han fann vekta til lufta, og gjorde forsøk med elektrisk fråstøyting. Resultata av forsøka sine skildra han i verket Experimenta Nova som kom ut i sju bind i Amsterdam i 1672.
Kjelder Otto von Guericke. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 8. november 2013.
Kategori:Tyske fysikarar Kategori:Fysikarar på 1600-talet Kategori:Folk frå Magdeburg Kategori:Tyske oppfinnarar