Torbjørn Sikkeland () var ein norsk fysikar.

Han tok dr.philos. i 1966 og var forskar ved Institutt for Atomenergi (Institutt for energiteknikk) frå 1952 til 1956, og ved University of California, Berkeley frå 1957 til 1969. Han vart professor i eksperimentalfysikk ved NTH i 1969 og hadde stillinga fram til 1993. Han arbeidde mykje med kjernefysikk, strålingsbiofysikk og nærskylde fagområde. Sikkeland var medoppdagar av dei transurane grunnstoffa nobelium og lawrencium.

Kjelder

Kategori:Norske kjernefysikarar Kategori:Norske fysikkprofessorar Kategori:Norske fysikarar Kategori:Professorar ved NTH Kategori:Folk frå Sarpsborg Kategori:Grunnstoffoppdagarar