Gunnar Hansen Horn () var ein av dei fremste geologane i landet, kjent for då han leia ekspedisjonen som fann leiren etter Andrée si ballongferd på Kvitøya.

Hornn var bergingeniør frå NTH i 1916, studerte ved Royal School of Mines i London fram til 1920, og dreiv oljeleiting for eit engelsk oljeselskap i Trinidad og Venezuela 1920-1923. Med Johan Braastad leitte han i 1925 etter olje i Kaspihavet. I 1928 mottok han ein doktorgrad frå Technische Universität Berlin på ei avhandling om petrografien til Svalbardkolet. Frå 1929 til han døydde var han ved Norges Svalbard- og Ishavsundersøkelser og oppdaga tilfeldigvis leirrestane frå Andrées ballongferd på Bratvaag-ekspedisjonen sommaren 1930 for å annektere Victoriaøya på Frans Josefs land. Som hobby dreiv Hansen Horn karst-topografi over kalksteinsgrottene i Nordland. I 1945 vart han leiar for Noregs naturvernforbund. Han døydde uventa på ein ekspedisjon med skuta «Mari» for å gjenopprette Isfjord radio og dessutan utplassere nye fyrlykter langs vestkysten av Svalbard. Faren hans var arkitekt og overlærer Finn Horn.

Neset Hornodden på Kvitøya er kalla opp etter han.

Utgjevingar . Særtrykk. Geologisk beskrivelse over Bjørnøya (1925). Med Anders K. Orvin. Beiträge zur Kenntnis der Kohle von Svalbard (Spitzbergen und der Bäreninsel) (Dybwad, 1928)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Gunnar Hansen Horn» frå , den 19. november 2013. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Norske geologar Kategori:Norske ingeniørar Kategori:Leiarar av Noregs Naturvernforbund Kategori:Norske oppdagarar Kategori:Elevar ved NTH Kategori:Arktisfararar