Kvamsøya er ei øy i Sande kommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal fylke. Øya har eit areal på 7,8 km², og det høgaste punktet er Nonshornet på 289 moh. Innbyggartalet er 211, inkludert dei små naboøyane Storholmen og Haugsholmen (2024).Befolkning, etter grunnkrets, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå
Øya er den sørlegaste og vestlegaste busette øya i fylket, med Vanylvsgapet og Stadlandet i sør og Sandsøya i nord. Rundt øya er ei mengde holmar og øyar, med Haugsholmen, Storholmen, Frekøya og Eggholmane som dei største på sørsida, og Riste på nordsida.
På øya er det ungdomsskule, tredelt barneskule og barnehage. Den største arbeidplassen er Kvamsøy Brimer som sysselset om lag 40 arbeidstakarar.
Namn Kvamsøya har fått namn etter garden Kvame på sørsida av øya. Ein kvam er eitt søkk i landskapet eller eit skålforma lende. Øya kan også tidleg ha hatt namnet Bringsing, og som poststad var namnet Bringsinghaug frå øya fekk post i 1897 fram til 1975 då poststaden også vart Kvamsøy.
Historie Kvamsøya ligg strategisk til rett nord for halvøya Stadlandet og det verharde Stadhavet. Utgravingar har avdekka tufter og funn frå både steinalder, bronsealder og jarnalder. På austsida av øya er det rundt 80 små og store gravhaugar frå år 500 til 1000 e.kr. - periodane merovingartida og vikingtida.
Den strategiske plasseringa gjorde også at tyskarane under den 2. verdskrigen bygde kanonstillingar på Basseneset sørvest på øya. 1. juni vart det tyske transportskipet «Hans Leonhard» skote i brann av engelske fly då det passerte Kvamsøya. Skipet var lasta med sprengstoff og eksplosjonen som fylgde var den største i Noreg under den 2. verdskrigen. Delar og Forvridde jarnrestar etter eksplosjonen kan ein framleis finne i terrenget rundt på øya.
Kjende personar frå Kvamsøya Bernt Støylen (1858-1937), prest, teolog og salmediktar. Biskop i Agder bispedøme frå 1913 til 1930. Wilhelm Støylen (f. 1980), frå Wilhelm og Kuraffen på NRK Barne-TV
Folketalsutvikling 1801Folketeljing 1801 for Herøy prestegjeld, frå Digitalarkivet 1900Folketeljing 1900 for Sande herred, frå Digitalarkivet 2000Befolkning, etter grunnkrets, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå 2024 120 300 301 211
Merknadar
Kjelder
Bakgrunnsstoff Nettside for Kvamsøya Google sitt satellittkart over Kvamsøya
Kategori:Øyar i Sande i Møre og Romsdal