Anne-Lise Berntsen () var ei norsk sopransongarinne frå Eggedal i Sigdal kommune. Ho song innanfor mange ulike sjangrar, både opera, samtidsmusikk, kabaret og barokkmusikk. Komponisten Nils Henrik Asheim skildra røysta hennar som «ei særprega stemme som du kjente att med éin gong, med enormt omfang og djupn. Ho har heile tida og i heile livet sitt jobba for å bruka den på nye måtar, ikkje berre for opera. Til og med arabisk song lærte ho seg.» Aftenposten, 03.11.12: Anne-Lise Berntsen er død. Vitja 20.11.13

Karriere

Anne-Lise Berntsen vart lova ei lysande framtid allereie i ungdommen, og vart kalla «die kleine Flagstad». Ho reiste til Salzburg for å studera song ved musikkakademiet Mozarteum, men braut av studia. Seinare tok ho dei opp att, og studerte då både i Århus, Haag og London. I 1978 heldt ho sine konsertdebutar i Oslo og Århus. Offisiell nettside: Om artisten. Vitja 20.11.13

I 1982 prøvesong ho heilt tilfeldig ved Operahögskolan i Stockholm, og vart oppteken på høgskulen.Hillveg, Kjell. (2009, 13. februar). Anne Lise Berntsen: utdypning. I Norsk biografisk leksikon. Henta 20. november 2013 frå http://nbl.snl.no/Anne-Lise_Berntsen%2Futdypning. Ho debuterte i ein opera ved Kungliga Teatern i 1984, og same året song ho Pierrot Lunaire av Arnold Schönberg ved Festspela i Bergen. Offisiell nettside: Om artisten Ho var tilsett ved Kungliga Teatern 1984-87. Store Norske Leksikon. Vitja 20.11.13 Gjennombrotet som operasongar kom i Stockholm fire år seinare, i rolla som «Turandot» i Puccini-operaen med same namn. I 1989 song ho hovudrolla i Ariadne på Naxos av Richard Strauss ved Stora teatern i Göteborg, i 1990 spela ho Maria i Wozzeck av Alban Berg ved Det kongelige teater i København. I 1992 var ho Carmen i Puccini-operaen same staden. Fyrste gongen ho opptredte på Den Norske Opera var i 1991, i Jenúfa av Leoš Janáček. Store Norske Leksikon. Vitja 20.11.13

I tillegg til dei allereie nemnte, song Berntsen verk av Wagner, Händel og Britten m. fl. Ho gav ut fleire soloplater frå 1980-talet og utover, og opptredde i konsertsalar i både Europa, Japan og USA. I seinare år har ho arbeidd som songpedagog ved NTNU i Trondheim.

I 1994 gjekk ho inn i samarbeidet «Engleskyts» saman med Nils Henrik Asheim. Prosjektet resulterte i to musikkalbum med folketonar, salmar og orgelimprovisasjonar. Nilshenrikasheim.no: Engleskyts. Vitja 20.11.13 Dei heldt ofte konsertar saman frå 1994 og heilt til ho gjekk bort.

Anne-Lise Berntsen var busett i Vardø dei siste åra av livet sitt, der ho m.a. heldt årlege kurs i song og klarinett for nordiske og russiske musikkstudentar. NRK Kultur, 03.11.12: Songar Anne-Lise Berntsen er død. Vitja 20.11.13 Eitt av dei siste prosjekta ho var involvert i, var operaen Kiberg-Odysseen av komponisten Trygve Brøske. Operaen tek for seg skjebnen til finnmarkspartisanane og skal framførast under Festspela i Nord-Noreg i 2014. Waterline-barents.no: Kiberg-Odysseen. Vitja 20.11.13 Etter ei tid med sjukdom døydde Berntsen i november 2013, 69 år gamal.

Prisar og utmerkingar

1999: Gammleng-prisen i kategorien for klassisk 2004: Tildelt Statens garantiinntekt for kunstnarar.

Bakgrunnsstoff

Dagsavisen, 05.11.12: Hild Borchgrevink: "Å bli seg selv." Nekrolog over Anne-Lise Berntsen. Vitja 20.11.13 Anne-Lise Berntsen si offisielle nettside

Fotnotar

Kategori:Folk frå Sigdal Kategori:Norske songarar Kategori:Norske operasongarar Kategori:Sopranar