Ringblom (Calendula officinalis) er ein eitt- eller toårig plante i korgplantefamilien kjenneteikna av gule eller oransje blomar med mange kronblad. Ringblom er ein utbreidd hageplante som finst i mange variantar.

mini|venstre|Teikning av ringblom med typiske kjenneteikn. Ringblome stammar truleg frå sørlege Europa, men har vore dyrka i lang tid og har forvilla seg ei rekkje stader.

Planten blir opptil 60 cm høg og har lansettforma, lyst grøne blad. Blomane kan vera enkle eller fylte, og fargane kan variera frå raudoransje til lysegul. Dei opnar seg mest når det er varmt og sola skin.

Planten kan etast og er blitt brukt som legeurt gjennom tidene. Ein har også brukt blomane som plantefarge for klede, mat og til kosmetikk.

Kjelder

RINGBLOMST, Calendula officinalis i Urtekildens planteleksikon, rolv.no Marigold, botanical.com Calendula officinalis Fiesta Gitana Group, rhs.org.uk

Bakgrunnsstoff

NIFAB – Nasjonalt informasjonssenter for alternativ behandling (UiT)

Kategori:Korgplantefamilien Kategori:Urter Kategori:Medisinplantar