Åmot kyrkje er ei krosskyrkje i Rena sentrum i Åmot kommune i Innlandet.

Det har vore kyrkje på Rena sidan mellomalderen, før 1768 lengre nord, ved den gamle prestegarden. Den førre kyrkja vart riven i 1899 og den noverande oppført året etter, men innvigd vart ho fyrst i 1902. Kyrkja er teikna av Henrik Bull og bygd av lafta tømmer i dragestil. Ho vert iblant kalla Tømmerkatedralen.

Interiøret var frå starten prega av jugendstil, men er seinare gradvis tilpassa interiøret frå 1700-talet.

Den tidlegare prestegarden ligg om lag ein kilometer nord for kyrkja.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Åmot kommune

Kategori:Kyrkjer i Åmot Kategori:Kyrkjer i Sør-Østerdal prosti Kategori:Kulturminne i Åmot Kategori:Norske kyrkjer frå 1902 Kategori:Krosskyrkjer i Noreg