Nordre Osen kyrkje er ei langkyrkje frå 1923 i Åmot kommune i Innlandet. Ho avløyste Nordre Osen gamle kyrkje, som likevel vart ståande, og som i dag er freda.
Den nye kyrkja står sør for gamlekyrkja, og kyrkjegarden brer seg rundt dei to kyrkjene, med eit markert skille mellom dei. Den nye delen vart teken i bruk i 1930.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Osen bygdebok
Åmot kommune
Kategori:Kyrkjer i Åmot Kategori:Kulturminne i Åmot Kategori:Kyrkjer i Sør-Østerdal prosti Kategori:Langkyrkjer i Hamar bispedømme Kategori:Norske kyrkjer frå 1923