Kvikne kyrkje er ei lafta krosskyrkje frå 1654 i det som før var Kvikne kommune, men som frå 1966 er ein del av Tynset kommune i Innlandet fylke. I byrjinga hang klokkene i tårnet, men i 1768 vart dei overførte til ei klokkestove ved våpenhuset i vest. Sakristiet er frå 1773.

Veggene i kyrkja vart utsmykka med rankedekorasjonar i 1730-åra. Galleribrystingane har bilete av Jesus og disiplane.

Bjørnstjerne Bjørnson vart fødd på Bjørgan prestegard i Kvikne i den tida far hans var prest i Kvikne.

Bakgrunnsstoff

Kvikne.no om kyrkja Kart og 3D-framsyning hos fellesrådet

Kategori:Kyrkjer i Tynset Kategori:Kulturminne i Tynset Kategori:Kyrkjer i Nord-Østerdal prosti Kategori:Krosskyrkjer i Noreg Kategori:Norske kyrkjer frå 1650-åra Kategori:Valkyrkjer i 1814 Kategori:Freda bygg i Innlandet