Lomen kyrkje vart oppført ved garden Hovi i Vestre Slidre (Innlandet) og innvigd 29. juli 1914. Kyrkjegarden ved Lomen stavkyrkje var for liten omkring hundreårsskiftet, og ny kyrkjegard vart teken i bruk i 1903. Kyrkja vart bygd nokre år seinare.

Arkitekt Holger Sinding-Larsen skal ha teikna utkast til kyrkje allereie i 1905«Norges kirker», men dei endelege teikningane vart utarbeidd av Heinrich Jürgensen, som var utførande arkitekt. Byggverket er oppført i mur og har om lag 200 sitjeplassar. Kyrkja har glasmåleri av Emanuel Vigeland frå 1940.

Kjelder «Norges kirker»

Fotnotar

Bakgrunnsstoff

Vestre Slidre kyrkjelege fellesråd Valdres.com Denne artikkelen bygger på «Lomen kyrkje» frå , den 1. desember 2013.

Kategori:Kyrkjer i Vestre Slidre Kategori:Kyrkjer i Valdres prosti Kategori:Langkyrkjer i Hamar bispedømme Kategori:Norske kyrkjer frå 1914