Arne Olaus Fjørtoft Garborg (), gjerne tiltalt som «Tuften», var ein norsk bibliotekar, skodespelar og forfattar, tilsett på Universitetsbiblioteket i Oslo. Han arbeidde med å samanfatta bibliografien til far sin, Arne Garborg.

Han var einebarn av Arne og Hulda Garborg. Barndomen hans er mykje omtala i foreldras dagbøker, brev og avisartiklar. Han var oppkalla etter faren og etter «Noregs første sosialist», Olaus Fjørtoft.

Han var med i teatertruppen Det norske spellaget, forlauparen til Det norske Teatret, først som skodespelar og i 1912 som teatersjef.

Arne O. Garborg tok over barndomsheimen Labråten i Hvalstaddalen i Asker kommune, der han budde saman med kone og barn. Huset er i dag museum. Her heng Gustav Wentzel sitt måleri Tuften på ski.

Bibliografi Norske aviser, 1763-1920. Fortegnelse over aviser som finnes i Universitetsbiblioteket og andre samlinger (Oslo. Universitetsbibliotekets årbok. 1923. pt. 2.)

Kategori:Folk frå Asker Kategori:Norske bibliotekarar Kategori:Norske forfattarar