Frank Ullrich () er ein tysk, tidlegare skiskyttar frå Trusetal i Thüringen, i 2013 sjefstrenar for Tysklands landslag i langrenn. Mellom 1978 og 1983 vann han fem individuelle VM-gull og eitt OL-gull i skiskyting, samt fire VM-gull i stafett. I alt vann Ullrich 18 medaljar (10-6-2) i dei internasjonale skiskyttar-meisterskapane i perioden 1976-83. Heile si tid som aktiv representerte han Aust-Tyskland.

Aktiv 18 år gammal fekk Ullrich plass på DDR sitt lag som under vinter-OL 1976 tok bronse i 4x7,5 km stafett, ein prestasjon som Ullrich og DDR gjentok i same øvinga i VM 1977 på Vingrom. Frå 1978-sesongen, den fyrste det vart arrangert verdscup i skiskyting, var Ullrich i fem år jamnt over den beste skiskyttaren i verda. Han vann verdscupen i skiskyting både i 1978, 1980, 1981, 1982 og vart nummer to i 1979 og tre i 1983.

I verdsmeisterskapen 1978 gjekk Ullrich til topps på 10 km og i stafett med DDR, på 20 km tok han sølvmedaljen bakom Odd Lirhus frå Voss. Ullrich og DDR fekk nye gullmedaljar då dei i 1979 forsvarte VM-titlane på 10 km og i stafett. I 1980 vann han gullmedaljen på 10 km under OL i Lake Placid , og tok i tillegg sølv på 20 km og bronse på stafetten.

Ullrich vann så i 1981 for fjerde gong på rad 10 km i den årlege internasjonale meisterskapen. Deretter vann han 20 km i VM for fyrste gongen i 1982, ei bragd han gjentok i 1983. Han deltok i vinter-OL 1984, der han måtte nøye seg med femte plass på 20 km. På den svært spennande stafetten i same OL feila Ullrich på ankeretappen då fire mann var inne samtidig på siste ståandeskyting. Dermed vart DDR nummer fire, medan Noregs lag vann spurten mot Vest-Tyskland om sølvmedaljen.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap Vinter-OL 1976 i Innsbruck: Bronsemedalje i stafett VM i skiskyting 1977 i Vingrom: Bronsemedalje i stafett VM i skiskyting 1978 i Hochfilzen: Gullmedalje på 10 km og i stafett, sølvmedalje på 20 km VM i skiskyting 1979 i Ruhpolding: Gullmedalje på 10 km og i stafett Vinter-OL 1980 i Lake Placid: Gullmedalje på 10 km, sølvmedalje på 20 km og i stafett VM i skiskyting 1981 i Lahti: Gullmedalje på 10 km og i stafett, sølvmedalje på 20 km VM i skiskyting 1982 i Minsk: Gullmedalje på 20 km og i stafett, sølvmedalje på 10 km VM i skiskyting 1983 i Antholz:Gullmedalje på 20 km og sølvmedalje i stafett Vinter-OL 1984 i Sarajevo: Nr 5 på 20 km

Trenar Ullrich var trenar for fyrst Aust-Tyskland sitt landslag i skiskyting frå 1987. Frå 1998 var han hovudtrenar for Tyskland sitt landslag for menn, ein posisjon han hadde til 2010. I 2012 tok han over som sjef for Tyskland sitt langrenns-landslag etter Jochen Behle.

Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar

Kategori:Tyske skiskyttarar Kategori:Austtyske skiskyttarar Kategori:Verdsmeistrar i skiskyting Kategori:Olympiske meistrar for Aust-Tyskland Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Aust-Tyskland Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Aust-Tyskland Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1976 Kategori:Austtyske deltakarar under vinter-OL 1976 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 1976 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1980 Kategori:Austtyske deltakarar under vinter-OL 1980 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 1980 Kategori:Austtyske deltakarar under vinter-OL 1984 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 1984