Mariakyrkja er den miste av dei to systerkyrkjene på Granavollen i Gran kommune i Innlandet fylke. Det er ei langkyrkje av stein. Alderen er ikkje fastslått sikkert, men ein reknar vanlegvis med at ho vart oppført på fyrste halvdel av 1100-talet. Mariakyrkja har truleg vore klosterkyrkje eller soknekyrkje. Etter reformasjonen vart ho truleg relativt lite brukt.
Kyrkja brann etter eit lynnedslag i 1813 og stod som ruin til 1860-talet, då ho vart sett i stand for å vere interimskyrkje medan Nikolaikyrkja vart restaurert. Sidan vart Mariakyrkja restaurert i 1912–13 og igjen i 1990–92.
Diktaren Aasmund Olavson Vinje er gravlagd like vest for kyrkja.
Litteratur
Sven Rosborn, 2014, Søsterkirkene og Steinhuset på Granavollen : Studier i eldre norsk steinbyggerkunst. [Gran 2014]: Stiftelsen Steinhuset på Gran. ISBN 978-82-999607-0-0
Bakgrunnsstoff
Gran/Tingelstad kyrkjelyd
Kategori:Kyrkjer i Gran Kategori:Kyrkjer i Hadeland og Land prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1100-talet Kategori:Norske steinkyrkjer frå mellomalderen Kategori:Langkyrkjer i Hamar bispedømme Kategori:Kulturminne i Gran Kategori:Freda bygg i Innlandet