mini|Kart over område med temperert regnskog mini|Temperert regnskog frå Lord Howe Island utanfor Australia.

Temperert regnskog er eit terrestrisk økosystem (biom) med skog i nedbørsrike område i geografiske soner avgrensa av tropane og polarsirklane. Karakteristisk for økosystemet er ein årleg middeltemperatur mellom 5 og 20 grader Celsius og årleg nedbør på minst 2000 mm og minst 20 % av dette om sommaren. Mykje av floraen i temperert regnskog er bregnar og andre vekstar som veks som epifyttar, mosar og andre bryofyttar.

Temperert regnskog finn ein mest av på vestkysten av Nord-Amerika, frå Alaska sør til nordlege California. I Noreg finst spreidde førekomstar av temperert regnskog i frå Sør-Trøndelag nordover til Rana i Nordland fylke. Biomet her blir kalla boreal regnskog eller kystregnskog og er ein undertype av temperert regnskog.

Kjelder Rapport frå Norsk institutt for jord- og skogkartlegging (pdf) Presentasjon om kystregnskog hos WWF-Norge (pdf)

Kategori:Skog Kategori:Økosystem