1923 (romartal MCMXXIII) var eit normalår som byrja på ein måndag i den gregorianske kalenderen og eit normalår som byrja på ein sundag i den julianske kalenderen.

Hendingar

Utlandet 11. januar: Ruhr blei okkupert av franske og belgiske styrkar. 9. mars: Vladimir Lenin fekk eit tredje slag som tok frå han taleevna og band han til senga, og trekte seg som formann for sovjetstyret. 23. mai: IRA utropte ei våpenkvile som gjorde slutt på den irske borgarkrigen. 1. september: Jordskjelv i Kantoregionen i Japan ramma Tokyo og Yokohama og drap 143 000 menneske. 8. november: Ølkjellarkuppet, eit kuppforsøk leia av Adolf Hitler i München, tok til. Det blei slått ned neste dag. 15. november: Rentenmark blei innført i Tyskland for å stoppa den eksplosive inflasjonen. General Primo de Rivera blei diktator i Spania. Georg Neumann laga ein forbetra kondensatormikrofon.

Noreg 4. november: Stiftinga av Norges Kommunistiske Parti. Grøtøy gamle handelsstad i Nordland blei slått konkurs.

Fødde mini|Hjalmar Andersen var fødd 12. mars

16. januar: Martin Stokken, norsk idrettsutøvar 31. januar: Norman Mailer, USA-amerikansk forfattar 12. mars: Hjalmar "Hjallis" Andersen, norsk skeiseløpar 1. mai: Anders Aune, norsk politikar 29. mai: Harald Sverdrup, norsk lyrikar 10. juni: Aase Nordmo Løvberg, norsk operasongar 14. juni: Jakob Weidemann, norsk målar 2. juli: Wisława Szymborska, polsk forfattar og nobelprisvinnar 6. juli: Wojciech Jaruzelski, polsk statsminister og president 21. august: Shimon Peres, israelsk statsminister og nobelprisvinnar 17. september: Paal Brekke, norsk forfattar 13. oktober: Eivind Bolle, norsk fiskeriminister 18. oktober: Elisabeth Schweigaard Selmer, norsk justisminister 8. november: Jack Kilby, USA-amerikansk fysiker og nobelprisvinnar i fysikk 20. november: Nadine Gordimer, sørafrikansk forfattar 25. november: Mauno Koivisto, finsk president 30. desember: Sara Lidman, svensk forfattar

Døde

10. februar: Wilhelm Röntgen, tysk fysikar og vitskapsmann 26. mars: Sarah Bernhardt, fransk skodespelar 4. april: Julius Martov, russisk politikar 28. april: Knute Nelson, norsk-amerikansk politikar 23. mai: Otto Bahr Halvorsen, statsminister i Noreg 24. juni: Edith Södergran, finsk forfattar 20. juli: Pancho Villa, mexikansk general og revolusjonær 2. august: Warren G. Harding, president i USA 30. november: John Maclean, britisk politikar 27. desember: Gustave Eiffel, fransk ingeniør

nv:1901 – 1950