Vibeke Westbye Skofterud () var ein norsk langrennar frå Slitu i Eidsberg kommune i Østfold. Ho vart olympisk meister i stafett med Noreg i 2010 og vart verdsmeister i stafett både i 2005 og 2011. I alt vann ho fem medaljar med Noreg i stafettar under ulike ski-VM og vinter-OL. Skofterud var medlem av Slitu Idrettsforening. I 2002 vart ho norsk meister i sprint-øvinga.
Aktiv Skofterud fekk sitt internasjonale gjennombrot i OL-sesongen 2002, med di ho i Cogne 8. desember 2001 vart nummer tre på 5 km i klassisk stil. Gjennom tolv sesongar, 2002 til 2013, oppnådde ho tolv pallplasseringar etter individuelle verdscuprenn, men gjekk aldri heilt til topps. Derimot var ho i tida 2001-12 med på å vinne 17 stafettevlingar i verdscupen.
Under Ski-VM 2003 i Val di Fiemme gjekk Skofterud på ankeretappen Noreg inn til sølvmedalje i 4 x 5 km stafett, 32 sekundar bakom det tyske laget. To år seinare var ho flytta over til startetappen då Noregs stafettlag vann VM-gullet, åtte sekundar føre Russland. Skofterud gjekk same etappen under Ski-VM 2007, der ho fekk ein medalje av den valøren ho mangla, ein bronsemedalje.
Skofterud vart olympisk meister i 4 x 5 km stafett under Vinter-OL 2010 i Vancouver og verdsmeister i same øvinga under Ski-VM 2011 i Oslo. Begge gongane gjekk ho fyrsteetappen på Noregs lag, som ved begge høva elles bestod av Therese Johaug, Kristin Størmer Steira og Marit Bjørgen.
mini|Skofterud ved målgang i Vasaloppet 2012 I 2012 vann Skofterud kvinneklassa i Vasaloppet, som første norske kvinne, og sette ny løyperekord med 4.08,24.
Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap Ski-VM 2001 i Lahti: Nr 16 på sprinten Vinter-OL 2002 i Salt Lake City: Nr 8 på 30 km Ski-VM 2003 i Val di Fiemme: Nr 13 på 10 km. Sølvmedalje i 4 x 5 km stafett Ski-VM 2005 i Oberstdorf: Nr 16 på 15 km. Gullmedalje i 4 x 5 km stafett Ski-VM 2007 i Sapporo: Nr 13 på 15 km. Bronsemedalje i 4 x 5 km stafett Vinter-OL 2010 i Vancouver: Gullmedalje i 4 x 5 km stafett Ski-VM 2011 i Oslo: Nr 6 på 30 km. Gullmedalje i 4 x 5 km stafett
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 2001: Bronsemedalje på 30 km i Steinkjer Ski-NM 2002: Gullmedalje på sprinten på Høydalsmo Ski-NM 2003: Bronsemedalje på sprinten i Molde Ski-NM 2004: Ski-NM 2005: Nr 4 på 10 km på Lillehammer Ski-NM 2006: Nr 4 på 15 km på Kongsberg Ski-NM 2007: Ski-NM 2008: Sølvmedalje på 10 km i Trondheim Ski-NM 2009: Bronsemedalje på 10 km på Gjøvik Ski-NM 2010: Nr 4 på 10 km i Stokke Ski-NM 2011: Bronsemedalje på 10 km i Steinkjer
Skofterud omkom i ei ulukke med vasskuter ved Tromøya i Arendal kommune.
Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar
Kategori:Norske langrennsløparar Kategori:Folk frå Eidsberg Kategori:Olympiske meistrar for Noreg Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 2002 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 2010