Earnshawbreen er ein isbre som er 10 nautiske mil lang og flyt nordover, aust for Norwood Scarp og ut i Maitlandbreen til sør for Werner Peak aust på Den antarktiske halvøya.
Breen vart fotografert frå lufta av U.S. Antarctic Service den 28. september 1940. Han vart kartlagd av Falkland Islands Dependencies Survey i januar 1961, og vart namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee etter Thomas Earnshaw, ein engelsk urmakar som var med på utviklinga som førte fram til det moderne marine kronometeret.
Kjelder
Kategori:Isbrear i Graham Land Kategori:Bowman Coast