Lliboutrybreen er ein isbre som flyt sørvest frå Boyle Mountains ut i Bourgeoisfjorden ved Loubet Coast. Han vart namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) i 1983 etter Louis A.F. Lliboutry, ein fransk fysikar og glasiolog som undersøkte den mekaniske deformasjonen til is og dei mikrometeorologiske eigenskapane på isflater, og som gjorde ein generell studie av isbrear på Den antarktiske halvøya. Han var direktør på Glasiologilaboratoriet ved Universitetet i Grenoble frå 1958 til 1983 og president i Det internasjonale rådet om snø og is i 1983-87.

Kjelder

Kategori:Isbrear i Graham Land Kategori:Loubet Coast