Rickmersbreen er ein isbre som flyt ut i Hugibreen like sør for Caulfeildbreen, på vestkysten av Graham Land. Han vart fotografert av Hunting Aerosurveys Ltd. i 1955-57, og kartlagt frå desse bileta av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS). Han vart namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) i 1959 etter W. Rickmer Rickmers, ein tysk som var med på å skrive den første engelskspråklege skihandboka. Han utbetra òg utforminga av isøkser og innførte den karakteristiske forma som framleis er i bruk.
Kjelder
Kategori:Isbrear i Graham Land Kategori:Graham Coast