Kristofer Marius Hægstad () var ein norsk språkmann. Han var professor i norsk språk, med vekt på landsmål. Hægstad var fødd i Ålesund, men voks opp i Davik og i Bergen.
I 1898 vart Hægstad formann for ei nemnd som skulle finna fram til ei offisiell rettskriving for landsmål (nynorsk). Fleirtalet i nemnda ville gjennomføra ei radikal nyskaping, men Hægstad gjekk inn for små endringar av Ivar Aasen si skriftnorm. Departementet delte Hægstad sitt syn, og Hægstad-normalen vart med dette den fyrste offisielle rettskrivinga for landsmål.
Marius Hægstad stifta Namdals folkehøgskole i 1884 og var rektor fram til 1892.
Hægstad sat òg i fleire periodar på Stortinget for Venstre. Han vart òg den fyrste leiaren for Noregs Mållag, frå 1906 til 1909.
Marius Hægstad var far til målmannen og skulemannen Leiv Heggstad, og farfar til språkforskaren Kolbjørn Heggstad.
Hægstad døydde i Oslo.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Då nynorsken kom til universitetet – eit hundreårsminne av Kjell Venås Marius Hægstad: Norsk maallæra, 1905 www.sprakrad.no https://www.namdals.fhs.no/bygninger-og-navn
Kategori:Norske språkforskarar Kategori:Professorar ved Universitetet i Oslo Kategori:Stortingsrepresentantar 1892-1894 Kategori:Stortingsrepresentantar 1898-1900 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Stortingsrepresentantar for Nord-Trøndelag Kategori:Leiarar av Noregs Mållag Kategori:Gravlagde på Vår Frelsers gravlund Kategori:Folk frå Ålesund Kategori:Folk frå Bergen