Raipaskomplekset, tidlegare kalla Raipasformasjonen, er ei gruppe omdanna sandsteinar, leirskiferar og lavabergartar frå prekambrium, for kring 1800 millionar år sidan. Nokre av dei eldste fossila i Europa er funne her i form av stromatolittar.
Den øvre eininga inneheld mykje dolomittstein. Han finst dels i nokre isolerte område (vindauge) i Kvænangen, Alta og Repparfjorden, og dels i indre Finnmark, omkring Masi og frå botnen av Porsangerfjorden til Karasjok. I det nedre delen er det fleire store, men uregelmessige og fattige koparførekomstar. Dei viktigaste er Kåfjord i Alta, Repparfjord og Bidjovagge.
Komplekset er kalla opp etter Lille-Raipas i Alta.
Kjelder Raipaskomplekset. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 1. desember 2013.
Kategori:Geologi i Finnmark Kategori:Geografi i Alta Kategori:Geografi i Kvænangen Kategori:Geografi i Karasjok Kategori:Geografi i Hammerfest Kategori:Geografi i Kautokeino Kategori:Kvalsund