Sten Einar Stensen () er ein norsk tidlegare skeiseløpar frå Lier. Han vart noregsmeister i 1973 og 1974, verdsmeister i 1974, europameister i 1975 og olympisk meister på 5000 meter i 1976. I tidsrommet 1972-78 tok han i alt sju medaljar i verdsmeisterskap og europmeistermeskap på skeiser, og fire OL-medaljar. Han representerte Drammens Skøiteklub.
Stensen vart i 1974 tildelt Morgenbladets Gullmedalje og han fekk Oscarstatuetten både i 1974 og 1976. Etter OL-gullet i Innsbruck var han tildelt Fearnleys olympiske ærespris.
Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar
Kategori:Norske skeiseløparar Kategori:Olympiske meistrar for Noreg Kategori:Olympiske meistrar i lengdeløp på skeiser Kategori:Verdsmeistrar i lengdeløp på skeiser – Allround Kategori:Europameistrar i lengdeløp på skeiser – Allround Kategori:Noregsmeistrar i lengdeløp på skeiser – Allround Kategori:Vinnarar av Fearnleys olympiske ærespris Kategori:Kongepokalvinnarar i lengdeløp på skeiser Kategori:Vinnarar av Oscarstatuetten Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Noreg Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1972 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1972 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1972 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1976 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1976 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1976 Kategori:Folk frå Lier