mini|Septarie Ein septarie er ein rundaktig knoll eller konkresjon av leirhaldig kalkstein med radiære sprekker som utvidar seg mot sentrum. Dei har truleg vorte danna ved utfelling av aluminiumhaldig gel, som ved inntørking har sprokke opp. Sprekkane er seinare fylt med kalsitt eller kvarts.
Septarier finst i leirskifer, mellom anna i i den kambrosiluriske lagrekkja i Oslofeltet.
Kjelder Septarier. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 1. desember 2013 frå http://snl.no/septarier.
Kategori:Sedimentære bergartar Kategori:Mineral Kategori:Petrologi