Crossonisen er ein isbrem i Antarktis som er kring 55 km brei, nord og nordaust for Mount Murphy langs Walgreen Coast i Marie Byrd Land. Isbremmen får istilførsel frå Smith-, Pope-, Vane- og Haynesbreen. Han vart kartlagt av U.S. Geological Survey frå landmålingar og frå flyfoto tekne av U.S. Navy, 1959–66, og vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names etter offiser W.E. Crosson i US Navy, befalshavande for Antarctic Construction Group under Operasjon Deep Freeze 1973.
Sjå òg Isbremmar i Antarktis
Kjelder
Kategori:Isbremmar i Antarktis Kategori:Geografi i Marie Byrd Land