Mercurybreen er ein isbre på austkysten av Aleksanderøya i Antarktis, 9 km lang og 3,5 km brei, som flyt aust og ut i George VI Sound og som ligg mellom Waitabit Cliffs og Keystone Cliffs. Sjølv om Mercurybreen ikkje ligg i Planet Heights, er han i lag med nærliggande isbrear kalla opp etter planetar i solsystemet. Isbreen vart truleg oppdaga frå avstand av Lincoln Ellsworth, som flydde nær han og fotografert delar av denne kysten den 23. november 1935. Han vart namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) etter planeten Merkur etter ei grov landmåling av George VI Sound av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) i 1948 og 1949. Han vart kartlagt i detalj frå flyfoto tekne under Ronne antarktiske forskingsekspedisjon (RARE), 1947–48, av Searle frå FIDS i 1960.

Sjå òg

Isbrear i Antarktis Marsbreen Saturnbreen Uranusbreen

Kjelder

Kategori:Isbrear på Aleksanderøya