Berg trekyrkje er ei langkyrkje frå 1878 i Brunlanes (no Larvik kommune) i Vestfold.

På slutten av 1800-talet var Berg steinkyrkje for lita og i dårleg stand, og det vart vedteke å byggje ny kyrkje. Kyrkja vart teikna av Johannes Henrik Nissen, oppført av byggmeister Mathias Olsen frå 1875 og innvigd i 1878. Ho har vesttårn, og koret i aust er polygonalt avslutta og har sakrsiti på kvar side.

Kyrkja går for å vere den største trekyrkja i Larvik kommune, men overslaga over talet på sitjeplassar varierer.305 ifølgje Larvik kyrkjelege fellesråd, som viser til brannforskrifter. Eldre overslag opererer med 500.

Altartavla er frå 1580 og vart overført frå steinkyrkja, som vart riven etter at trekyrkja var innvigd (for så å bli gjenreist seinare). Preikestolen ser ut til å vere på alder med kyrkja.

På 1970-talet vart det avdekka skadar på trekyrkja, og det vart sett av midlar til istandsetjing. Ikkje alle reparasjonane vart faktisk utført. I staden vart det arbeidd for å oppføre ei arbeidskyrkje, som vart innvigd i 2007. Denne har for ein stor del teke over som gudstenestekyrkje.

Kyrkjegarden er framleis i bruk, og den nye arbeidskyrkja har ingen kyrkjegard.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Berg trekirke» frå , den 5. januar 2014.

Bakgrunnsstoff

Lokalhistoriewiki iBrunlanes.no

Kategori:Kyrkjer i Larvik Kategori:Norske kyrkjer frå 1870-åra Kategori:Kyrkjer i Larvik prosti Kategori:Langkyrkjer i Tunsberg bispedømme Kategori:Henrik Nissen Kategori:1878 i Noreg Kategori:Kulturminne i Larvik