Larvik kyrkje er ei langkyrkje i Larvik kommune i Vestfold fylke.

Kyrkja vart innvigd 6. januar 1677. I byrjinga hang klokkene i ein stopul på kyrkjegarden. Tårnet i nord vart oppført i 1758–60. I 1859–64 vart interiøret endra etter planar av Christian Heinrich Grosch, og kyrkja fekk det nygotiske preget ho framleis har i innvendig takkonstruksjon og orgelgalleri. Østportalen med våpenhus er frå same tid. Det er mogleg at kyrkja opphavleg var planlagd som krosskyrkje.

I byrjinga var det gravplass attmed (og under) kyrkja. Næraste gravplass i dag er på Undersbo, under ein kilometer frå kyrkja.

Valkyrkje Larvik kyrkje var valkyrkje i 1814 og Christian Adolph Diriks blei 4. mars vald til å representere Larvik på Riksforsamlinga på Eidsvoll.Valgene i 1814 frå Arkivverket

Bilete frå kyrkja

Bakgrunnsstoff

Fotnotar

__NOTOC__

Kategori:Kyrkjer i Larvik Kategori:Kulturminne i Larvik Kategori:Norske kyrkjer frå 1600-talet Kategori:Langkyrkjer i Tunsberg bispedømme Kategori:Kyrkjer i Larvik prosti Kategori:Valkyrkjer i 1814