Langduskpingvin (Eudyptes moseleyi), tidlegare underarten Eudyptes chrysocome moseleyi av klippehopparpingvin, er ein liten pingvin i slekta Eudyptes med gul fjørpryd på hovudet. Denne pingvinarten lever i det sørlege Atlanterhavet og i Indiahavet.BirdLife International 2014

Skildring Langduskpingvinar skil seg lite i utsjånad frå andre i slekta Eudyptes, han har fjørtopp og lys, gult augebryn som endar i ein fjørdust, men augestripa er smalare og kortare enn hos klippehopparpingvinen. Han er ein av dei minste pingvinane, ca. 55 centimeter, berre dvergpingvinen er vesentleg mindre. Langduskpingvin dukkar typisk ned til 18 meter for å hente føde og er under vatn i rundt eit minutt, men han kan gå ned til 100 meters djupne. Føda er sett saman av krepsdyr, fisk og blekksprut, i ei undersøking utgjorde krillarten Thysanoessa gregaria den dominerande mengda av føde. Dei beitar ofte selskapeleg i flokk, og er kolonihekkarar. Kullet er vanlegvis på to egg. Langt dei fleste, ca. 80 %, lever i det sørlege Atlanterhavet, resten av populasjonen i Indiahavet.

Bestanden er estimert til ca. 265 000 hekkande par og er minkande. Arten er rekna som sterkt truga grunna snøgg tilbakegang i heile utbreiingsområdet dei siste tretti åra.

Kjelder

BirdLife International (2014) Species factsheet: Eudyptes moseleyi . Henta frå http://www.birdlife.org den 11. januar 2014.

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Pingvinar