mini|Nidarosdomen er ei av dei eldste og største kyrkjene i Noreg. Kyrkjebygging i Noreg tok til då kristendommen vart etablert kring år 1000.Kyrkjebyggdatabasen , lese 19. september 2013.Muri, Sigurd (1975): Gamle kyrkjer i ny tid. Oslo: Samlaget. Dei første bygga var enkle stolpekyrkjer reist på 900 og 1000-talet. Dei meir varige stavkyrkjene kom etterkvart i staden for stolpekyrkjene. Omkring 1300 kyrkjebygg vart reist på 1100-1200-talet i det som var landets første byggeboom.Ekroll, Øystein (1997): (1997): Med kleber og kalk. Norsk steinbygging i mellomalderen. Oslo: Samlaget. I alt har det vore oppført omkring 3000 kyrkjebygg i Noreg, av desse er omkring halvparten borte. Langkyrkja er den vanlegaste norske kyrkjeforma, og fram til 1900-talet vart dei fleste bygg oppført i tre. Det er no omkring 1620 kyrkjebygg knytte til Den norske kyrkja (bedehus knytte til lekmannsrørsla ikkje medrekna) og det er kyrkjebygg innanfor andre kristelege trusretningar eller organisasjonar. Kyrkjene er landets viktigaste monumentalbygg og kulturminne med omsyn til utvikling innanfor kunst, arkitektur og byggjeteknikk. 220 kyrkjebygg er freda, og i tillegg er 765 listeført som verdfulle kulturminne.St.meld. nr. 17 (2007-2008): Staten og Den norske kirke. Tilråding fra Kultur- og kirkedepartementet av 11. april 2008. Stmeld 17

Bakgrunn

Frå år 1620 vart det ført systematiske kyrkjerekneskap, medan kjelder til eldre kyrkjehistorie er fragmentert.Christie, Håkon (1991): Kirkebygging i Norge i 1600- og 1700-årene. Årbok for Fortidsminneforeningen, årgang 145, s. 177-194. Kunnskap om mellomalderkyrkjer er delvis basert på arkeologisk materiale.

Institusjonell I tidleg kristen tid vart det skipa ei administrativ inndeling av landet. Hordaland vart til dømes delt i fjordung (firedel av eit fylke) og åttung med kvar si hovudkyrkje. Sakshaug gamle kyrkje var til dømes hovudkyrkje for eit av fire distrikt i Inntrøndelag.

Kyrkjebygging vart sterkt påverka av statens eller kongemakta si rolle. Gulatingloven omtalar i kapittel 12 reglar for vedlikehald av kyrkjene: «Um einskildmenn byggjer kyrkje, anten lendmann gjer det eller bonde, eller kven det er som byggjer kyrkje, skal han halda henne i stand og inkje øyda tufti. Men um kyrkja brotnar og hyrnestavane fell, då skal han føra timber på tufti innan tolv månadar; um det ikkje kjem, skal han bøta tre merker for det til biskopen og koma med timber og byggja opp kyrkja likevel.»Gulatingslovi. Umsett frå gamalnorsk av Knut Robberstad. Oslo: Samlaget, 1952. Reformasjonen vart gjennomført med tvang i 1537 då Kristian 3 gjorde luterhanismen til statsreligion i riket. Kongen tok då kontroll over kyrkjegodset, og ein del kyrkjebygg vart rasert eller oppgitt. Bispar og prestar vart statstenestemenn under kongen. I 1662 fekk landet ein kongeleg kyrkjeinspektør, og dei nye formene som kom på denne tida (som Y-forma og åttekantforma) kan ha samanheng med dette. Grunnlova av 1814 stadfesta lutheranismen som statens religion. Forbodet mot katolisisme i Noreg vart fjerna i 1843, medan forbodet mot munkeordnar vart fjerna i 1897.Sverdrup-Thygesen, Ulrik (2009): Grunnlovens forbud mot jesuitter og munkeordener. Religionsfrihet og grunnlovskonservatisme 1814-1956. Masteroppgåve, Universitetet i Oslo.Store norske leksikon: "Religionsfrihet", accessed 19 October 2013.

Etter 1814 vart saker som gjaldt kyrkjebygg flytta frå kanselliet i København til kyrkjedepartementet i Christiania, og godkjenningsprosessen vart meir byråkratisk. Lokale initiativ og lokal påverknad vart då i stor grad moderert av embetsverket.Hosar, Kåre: Kirkebygging på 1700 - tallet – lokal tradisjon eller påvirkning utenfra? Notat/foredrag, Maihaugen, lese 10. februar 2014.

Kyrkjelova frå 1851 kravde at kvart kyrkjebygg skal romme minst 30 % av innbyggjarane i soknet. Dei 623 kyrkjene frå andre halvdel av 1800-talet er difor relativt store. Kyrkjelova frå 1996 kravde at kvart bygg innanfor Den norske kyrkje skal ha plass til minst 1/10 av kyrkjelyden, men aldri færre enn 200 sete og det er ikkje krav om meir enn 500 sete.Kirkeloven, 7. juni 1996, nr 31, § 21, Lovdata, lese 24. september 2013.

Kvart kyrkjebygg har vore rekna som ei sjølvstendig institusjon (sjølveigd), ofte med eiga jord som har gitt leigeinntekter. Kyrkjelyden var sjølv ansvarleg for oppføring og vedlikehald av kyrkjebygget, eit prinsipp som vart innført så tidleg som på Mostratinget i 1024.NOU 2006: 2: Staten og Den norske kirke. Utredning fra Stat – kirke-utvalget oppnevnt ved kongelig resolusjon av 14. mars 2003. (). I tida 1700-1720 selde Kongen om lag 600 kyrkjer til private for å finansiere Den store nordiske krigen, desse bygga vart kjøpt tilbake i løpet av dei neste 150 åra. Kyrkjelova av 1897 stadfesta at kyrkjebygga høyrer til kyrkjelyden, unntaket er enkelte museumskyrkjer og bygg eigd av Fortidsminneforeningen. Kyrkjegarden (oftast brukt som gravplass) har same eigartilhøve som kyrkjebygget. Den enkelte kommune har som regel ansvar for teknisk drift og finansiering av kyrkjebygg og kyrkjegard innanfor Den norske kyrkja, medan tilsyn og administrasjon (etter kyrkjelova 1996) ligg hos kyrkjelydens eigne organ og ein tilsett dagleg leiar (kyrkjeverje). Den norske stat eig i utgangspunktet ingen kyrkjebygg med unntak av mellom anna Akershus slottskyrkje og Svalbard kyrkje. Nidarosdomen kan også reknast som statleg eigedom fordi restaureringsarbeida sidan 1869 har vore finansiert direkte over statsbudsjettet.Statsbudsjettet 2014, Kap. 1592. mini|Den anglikanske St Edmunds kyrkje, Oslo, eit nygotisk bygg frå 1884

Val til Riksforsamlinga på Eidsvoll og det første Stortinget i 1814 fann hovudsakleg staf i kyrkjene (etter gudstenesta).1814 - våre første nasjonale valg Arkivverket, lese 22.februar 2014. Omkring 180 av dei omkring 300 kyrkjebygga som tente som vallokale i 1814 står framleis.Feiring av kirkene som arena Arkivverket, lese 22.2.2014

Vern og nedlegging Alle gjenstandar frå før 1537 og alle bygg eldre enn 1650 er automatisk verna, men utan at eigartilhøve blir endra. Om lag 10 % av eksisterande kyrkjer er oppført i mellomalderen. 220 kyrkjebygg er freda, og i tillegg er 765 listeført som verdfulle kulturminne. Til samanlikning er 87 % av svenske kyrkjer freda og 75 % av engelske kyrkjer er freda. Av dei omkring 1000 stavkyrkjene som vart oppført i mellomalderen er nesten alle borte, mange vart rivne fordi dei var i dårleg stand eller for å gje plass til ei større kyrkje ettersom kyrkjelyden vaks på 1600-1700-talet. Berre 9 (av 58) mellomaldersteinkyrkjer i byane eksisterer, dei andre forsvann i brann eller riving. Til dømes gamle Ulstein kyrkje vart skada av lynnedslag og erstatta av tømmerkyrkje. Den tidlegare Melhus kyrkje vart riven i 1890 som ei av dei siste.

Til forskjell frå mange andre europeisk land var det i Noreg praktisk tala ingen adel som brukte ressursar på palass eller herregardar. I staden investerte lokalsamfunnet i kyrkjebygging. Dei norske kyrkjene er difor landets praktbygg og sentrale kulturminner med omsyn til utvikling innanfor kunst, arkitektur og byggjeteknikk. I Noreg er berre omkring 250 profane mellomalderbygg teke vare på.NOU 2002: 1: Fortid former framtid. Utfordringer i en ny kulturminnepolitikk. Utredning fra kulturminneutvalget oppnevnt ved kongelig resolusjon 9. april 1999. Avgitt til Miljøverndepartementet 21. desember 2001.

Nedgang i bruk og endra soknegrenser kan føre til at kyrkjer blir overflødige. I til dømes Nederland og Danmark gjer små kyrkjelydar at eit stort tal kyrkjer blir stengde. I Nederland har over 600 kyrkjer blitt lagt ned dei siste tre åra. I Noreg er eit fåtal kyrkjebygg tekne ut av vanleg bruk, det gjeld mellom anna Markus kyrkje (Oslo) og Jakob kyrkje i Oslo. Soknerådet gjekk i 2013 inn for avvikling og sal av Bø kyrkje i Hyllestad. Bredtvet kyrkje i Groruddalen er utleigd til den katolske kyrkja.Dag og Tid 15. november 2013. Metodistkyrkja Sigerfjord i Sortland vart seld til privat i 2012,Glen og Rudi kjøpte kirke TV2 11. mars 2012, lese 30. mars 2014. og metodistkyrkja i Arendal (oppført 1871) vart avvigsla i 2012.Dag og Tid, 28. mars 2014.

Brann er ein trussel særleg mot dei norske trekyrkjene. Brannen i Grue kyrkje kravde 113 liv og er den største kjente brannkatastrofen i Noreg. Enkelte kyrkjer har også blitt påtent, til dømes Åsane gamle kyrkje og Fantoft stavkyrkje (både to vart gjenreist som kopiar). Den 300 år gamle Meldal kyrkje brann i 1981 og vart gjenreist etter mønster av den tapte. Østre Porsgrunn kyrkje, ei dei største tømmerkyrkjene i landet, gjekk tapt i 2011. Også steinkyrkjer har fått store skadar ved brann, til dømes har Nidarosdomen og Nykirken i Bergen vore skada av brann fleire gongar.

Av dei 1676 kyrkjene som eksisterte i 1975 var 1324 bygg oppført før andre verdskrigen (i tråd med tradisjonelle arkitektoniske former) og vart av Muri kalla «gamle kyrkjer».

Arkitektar Dei eldre kyrkjene har ofte ukjende arkitektar eller dei vart utforma av byggmeisteren som «bygde etter eige hovud».Nilsen, Sigrid (1985): Åttekantkirkene på Agder 1825-1850. Årsskrift for Agder Historielag, årgang 61, s.55-63. Kyrkjerekneskapane frå 1600-1700-talet viser at det ofte var særskilte kyrkjebyggjarar (byggmeistrar og medhjelparar spesialisert i kyrkjebygging), slik at det ferdige byggverket vart prega av byggelagets handtverkstradisjon og formspråk.Christie, Håkon 1981. «Stavkirkene – arkitektur.» I Norges Kunsthistorie. Bind 1: 139- 252. Oslo: Gyldendal. Anders Thorsen Syrtveit er døme på ein kjend kyrkjebyggjar frå Agder. Murmeisteren Svend Aspås verka som byggjeleiar og dels som arkitekt for fleire store kyrkjer. Presten Abraham Pihl blir rekna som arkitekt mellom anna for Vang kyrkje på Hedmarken. Den store kyrkja på Kongsberg vart teikna av bergmeisteren der.

På 1800-talet kom dei profesjonelle arkitektane. Ei rad kyrkjer vart oppført etter typeteikningar av arkitekten Jacob Wilhelm Nordan, til dømes Gjøvik kyrkje. Om lag 100 kyrkjer vart bygd etter Nordans teikningar, meir enn nokon annan arkitekt i Noreg.Norsk biografisk leksikon: «Jacob Wilhelm Nordan», lese 19. september 2013. Same teikningar kunne bli brukt til fleire kyrkjer, til dømes laga Georg Andreas Bull teikningar til Nes kyrkje i Hallingdal og Frosta kyrkje vart eit par år seinare oppført etter same teikningar. Arkitektane Linstow (delvis utdanna ved Bergseminaret) og Grosch utforma den unge hovudstaden Christiania og i tillegg eit stort tal kyrkjer på 1800-talet. På eige initiativ laga Linstow «Udkast til Kirkebygninger paa Landet i Norge. Til Veiledning for de Kirke-Eiere som uden Architects Hjelp ville opføre Kirker.» (truleg som følge av den fryktelege Brannen i Grue kyrkje) og i 1831 hadde han ei samling mønsterteikningar for kyrkjebygg klar.http://nkl.snl.no/Hans_Ditlev_Franciscus_Linstow lese 26.01.2014

Demografi Det er ingen manntal eller andre nøyaktige register over folkesetnaden i mellomalderen, men før svartedauden hadde Noreg eit folketal på mellom 300 000 og 400 000. Ved reformasjonen var folketalet under 200 000 og først i 1650 var folketalet på same nivå som før svartedauden. Då kyrkjebygging tok til omkring 1050 var folketalet omkring 200 000.Aftenposten "Straks er vi fem millioner", 12. february 2012, lese 24. september 2013. Etter Svartedauden vart mange gardar og busetjingar lagt aude, i dei mest marginale jordbruksområda vart opp mot 80 % av gardane oppgitt. Stader som Skien, Veøy og Borgund (Ålesund) gjekk ut av bruk som kjøpstader. Kyrkja sine inntekter var etter svartedauden under ein firedel av inntektene før svartedauden.Bjørkvik, Harald: Folketap og sammenbrudd 1350-1520. Aschehougs Norgeshistorie. Oslo, 1996.