Stathelle kyrkje er ei arbeidskyrkje i Bamble kommune i Telemark.

Kyrkja vart innvigd i 1964. Så vart ho utvida i 1998 og 2010–11, siste gong etter teikningar av Aga Arkitekter i Porsgrunn. Sjølve kyrkjesalen har langplan, og dette kan utvidast med ein sal som står vinkelrett på. Det er galleri over våpenhuset.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Bamble kyrkjelege fellesråd

Kirkekonsulenten Porsgrunn Dagblad

Kategori:Kyrkjer i Bamble Kategori:Kyrkjer i Bamble prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1964 Kategori:Arbeidskyrkjer Kategori:Kulturminne i Bamble