John King Davis () var ein engelskfødd australsk oppdagar og navigatør, kjend for arbeidet sitt som kaptein på ekspedisjonsskip i antarktiske farvatn så vel som for etableringa av meteorologiske stasjonar på Macquarieøya i Sørishavet og på Willisøya i Korallhavet.

Davis avslutta utdanninga si ved Colet Court, London og ved Burford School i Oxfordshire i 1900, då han og faren hans forlét London til fordel for Cape Town i Sør-Afrika.

I 1908–1909 var Davis overstyrmann på «Nimrod» under den antarktiske ekspedisjonen til Ernest Henry Shackleton. Han var òg kaptein på «Aurora» og nestkommandarende på den australasiatiske ekspedisjonen til Douglas Mawson i 1911–1914.

Ved utbrotet av første verdskrigen i august 1914 meldte Davis seg til aktiv teneste, og vart ansvarleg for transport av troppar og hestar til Egypt og England.

Han teenestegjorde òg som kaptein for «Discovery» under British Australian and New Zealand Antarctic Research Expedition i 1929–1930. Davis var Commonwealth Director of Navigation i Australia frå 1920 til 1949, og det var i byrjinga av denne perioden at han meldte seg frivillig til personleg å sette opp den eksterne meteorologiske stasjonen på Willisøya i 1921–1922.

Davis var president i Royal Society of Victoria i perioden 1945–1946, i tillegg til at han var medlem i Royal Geographical Society. Davisbasen i Antarktis, etablert i 1957, er kalla opp etter han. Han vart òg utnemnd til Commander of the British Empire (CBE).

Bibliografi (1919) With the Aurora in the Antarctic (1921) Willis Island: a storm-warning station in the Coral Sea (1997) Trial by Ice. The Antarctic Journals of John King Davis (ISBN 1852970472)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «John King Davis» frå , den 16. januar 2014. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Britiske oppdagarar Kategori:Australske oppdagarar Kategori:Order of the British Empire Kategori:Folk frå Surrey Kategori:Britiske antarktisfararar Kategori:Australske sakprosaforfattarar Kategori:Engelske sakprosaforfattarar Kategori:Polar Medal Kategori:Medlemmar av Royal Geographical Society