Kitzbühel er ein by og ein kommune i forbundslandet Tirol i Austerrike. Byen ligg ved elva Achen, sentralt i Kitzbühleralpane. Kitzbühel er distriktshovudstad i distriktet ved same namn som byen. Kommunen er på 58 km² og har i kring 8 300 ibuarar i 2016. Kitzbühel ligg 762 meter over havet og rundt 95 km aust for Innsbruck, hovudstaden i forbundslandet.

mini|755px|venstre|Utsyn mot Kitzbühel frå fjellet Hahnenkamm

Kitzbühel er ein av dei mest kjende vintersportsstadene i Austerrike. Kvar vinter i januar vert Hahnenkamm-renna, tevlingar i slalåm og utfor som inngår i verdscupen i alpine greiner, arrangert frå fjellet Hahnenkamm ved Kitzbühel.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Kitzbühel» frå , den 24. januar 2014.

Kategori:Byar i Tirol Kategori:Kommunar i Tirol