Fagerhaug kyrkje er ei langkyrkje frå 1921 i Oppdal kommune i Trøndelag.
Kyrkja vart oppført som Elim bedehus i 1921 for den lokale baptistkyrkjelyden og vart nytta som bedehus fram til 1928. Deretter vart det nytta til ymse føremål før det vart bygd om i 1958–59 etter teikningar av John Egil Tverdahl og innvigd til kapell. Bygget husar òg kyrkjestove og kjellarstove og vert i dag titulert som kyrkje.
Det er ikkje kyrkjegard på staden.
Kjelder
Oppdal kyrkjelege fellesråd
Bakgrunnsstoff Rennebu kyrkjelege fellesåd
Kategori:Kyrkjer i Gauldal prosti Kategori:Kyrkjer i Oppdal Kategori:Norske kyrkjer frå 1921 Kategori:Kulturminne i Oppdal