Berge Østenstad () er ein norsk sjakkspelar.

Han vart stormeister i sjakk i 2003, som den sjette norske sjakkspelaren. Østenstad har vunne åtte noregsmeisterskap i sjakk, fleire enn nokon annan: I åra 1984, 1990, 1994, 1997, 1999, 2003, 2004 og 2011. Han har dermed ei rekke med kongepokalar. Simen Agdestein har sju noregsmeisterskap. Berge Østenstad oppnådde tittelen internasjonal meister i 1987.

Berge Østenstad kvalifiserte seg for stormeister-tittelen ved gode turneringsresultat på Gausdal og i Biel i 1990. Kravet om å oppnå 2500 i FIDE-rating klarte han i 1991. Det tok deretter ein del år før han klarte det naudsynte tredje resultatet, som kom i ei turnering i Göteborg i 2003.

Berge Østenstad har deltatt 3 gongar på det norske landslaget i sjakk-OL (lag-VM i sjakk), i åra 1984, 1990 og 2004. Han har eit samla resultat på 10 sigrar, 9 remisar og 10 tap, 14,5 poeng på 29 parti, 50,0 %.

Berge Østenstad blei junior-noregsmeister i sjakk i 1983.Brekke 2014 s. 298 Berge Østenstad spelar for Asker sjakklubb.

Kjelder Victor Hansen «Vår neste stormester», Norsk sjakkblad nr. 1 2003, side 4 Øystein Brekke: Norges sjakkforbund 75 år 1914-1989, Norges Sjakkforbund 1989, ISBN 82-991916-0-2 Øystein Brekke: Norske sjakktrekk. Norges Sjakkforbund 100 år 1914-2014, Norges Sjakkforbund 2014, ISBN 978-82-991916-2-3 Olimpbase, database over sjakk-olympiadar mv

Bakgrunnsstoff Berge Østenstad sine beste parti på www.chessgames.com Berge Østenstad sine sjakkparti i Noreg hos NorBase Omtale av Berge Østenstad på stormeister Rune Djurhuus sine sjakksider Berge Østenstad sin rating hos verdssjakkforbundet FIDE Eit intervju med Berge Østenstad 10.2.2003

Fotnotar

Kategori:Norske sjakkspelarar Kategori:Stormeistrar i sjakk Kategori:Noregsmeistrar i sjakk Kategori:Kongepokalvinnarar Kategori:Junior-noregsmeistrar i sjakk Kategori:Sjakkolympiadedeltakarar